Personvernerklæring Herøyspelet Kongens Ring

Det er frivillig å gi personinformasjon, og du kan når som helst be om å få innsyn i informasjon som er lagra, samt be om sletting dersom lagring ikkje er heimla i lov eller forskrift.
Vi har ikkje ansvar for personopplysningar som er innsamla hos tredjepartar om ikkje det er gitt erklæring om dette.

Personopplysningar gitt i samband med påmeldingsskjema til spelet vert lagra i inntil 24 månader. Det gjeld for eksempel namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Når du bruker skjema på Herøyspelet si heimeside, må du aktivt godta at lagrar slik informasjon om deg.

Dersom du rettar ein førespurnad til oss via e-post gjennom våre nettsider eller på annan måte, vil opplysninger som namn, e-postadresse og telefon verte lagra i inntil 24 månader med mindre informasjon er lagringspliktig i samsvar med anna lovverk.

Ved besøk på vår nettside vert ikkje informasjon om IP-adresse lagra. Vi bruker heller ikkje Cookies på Herøyspelet sine nettsider.

For å sikre trygg behandling av personopplysningar, er det berre eit fåtal personar i verksemda som behandlar informasjonen du gir. Ingen informasjon vert utlevert til tredjepart utan samtykke frå deg som har gitt informasjonen.

Herøyspelet har sitt grunnlag for å behandle personopplysningar etter: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-38