Til kyrkje som for tusen år sidan

Lagt ut

Søndag kan du ro til kyrkje og møtast som kyrkje slik dei gjorde for nesten tusen år sidan.

Den første kyrkja på var påbegynt kanskje alt på 1000-talet. Marmorkyrkja dei reiste då samla folk frå vide i kring. Og dei kom i båt. Gudstenesta på øya Herøy søndag føremiddag står dermed i ein mange hundreår lang tradisjon.

Ro til kyrkje_Herøyspel160703-1006 - Kopi

 

«Kongens Ring» handlar om då den nye trua kom til Norge, og gudstenesta har sin naturlege plass i Herøyspelet. Dei siste åra har sjølve gudstenesta også vorte utvida med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje og ei mini-pilegrimsferd med færing til Herøy.

Etter samlinga i Indre Herøy kyrkje går ein til den gamle prestegardsvôren i Stokksund og legg derifrå ut med båt. Undervegs blir det korte kvilestopp der det gjerne vert lest ei kort tekst og kanskje sunge eit vers. Ein er på kyrkjeveg også mentalt. Dei som ikkje kan eller vil vere med å ro, kan ta skyttelbussane som går frå Stokksund skule til Herøy.

Med sus frå farne tider

På Herøy ventar økumenisk gudsteneste på den gamle kyrkjetomta og Bjarne Rabben-salmen som seier «Vi møtest i den frie luft (….) med sus frå farne tider». Denne salmen, spesialskriven til gudstenester på denne kyrkjetoma, har vore med i gudstenesta i mange, mange år. Andre verset fortel også om den lange tradisjonen både gudstenesta og det å kome sjøvegen står i, der ein syng om å kome over sund og fjord i stormver og stille.

Kor_gudsteneste_Herøyspel160703-952

 

 

 

 

 

Prest Bjørn Leinebø seier salmen set gudstenesta på Herøyberga i perspektiv på ein god måte. Samlinga fortel om lange tradisjonar og djupe røter.

  • I tillegg er det fint at vi kan møtast, tre kyrkjesamfunn, og feire gudsteneste i lag.

I gudstenesta vert det med deltakarar frå Den norske kyrkja, frå Frikyrkja og frå Sion. Dag Johan Flattun vert med som organist, Synnøve og Vegard Voldsund skal synge, det blir med blåsegruppe og som alltid avsluttar Herøyspelkoret med songen frå «Kongens ring» om Herøy havland og Herøy heimland.

Den som vil vite meir om øya Herøy si tusenårige historie kan få vere med museumsstyrar Håvard Hatløy på lokalhistoriske vandring rundt på øya etter gudstenesta. Timeplanen er lagt opp slik at ein ein når både gudsteneste, middag, vandring og siste framsyning søndag ettermiddag.

Herøy gard baksida

Gjer spelet til ein mini-ferie

Lagt ut
badogspel sunnmørsbadet
Med ulike pakketilbod kan du gjere spelopplevinga på verdas vakraste vikingmusikal til sommarens beste mini-ferie. Då kan du nå meir av Herøy havland som eit besøk på 6400 kvadratmeter badeglede på Sunnmørsbadet.
  • Sunnmørsbadet og spel same dag: Inntil to barn gratis per familie.
  • Overnatting på Kjeldsund ungdomssenter for to barn og to vaksne pluss spel: 1490 kroner.
  • Overnatting med frokost på Thon hotel Fosnavåg pluss spel for to barn og to vaksne: 1990 kroner.
  • Overnatting med frokost på Thon hotel Fosnavåg, besøk i Sunnmørsbadet og spel for to vaksne og to barn: 2290 kroner.

Vi søkjer born og vaksne til roller på og utanfor scena

Lagt ut

No har vi opna for påmelding til dei ulike rollene i Herøyspelet 2017. Her finn du skjema for påmelding.

Kring 200 aktørar er i sving på sjølve sceneområdet, medan kring 150 personar arbeider i støttefunksjonar som parkering, teknisk, servering, sal m.v.

Vi oppfordrar alle som ynskjer å delta om å melde seg så raskt som mogleg. Etter 10. april startar arbeidet med å tildele dei ulike rollene.

Om du ynskjer å vere med kan du melde deg på HER

slide_born2_750px

Oppleving og overnatting

Lagt ut

Velkomen til Herøy, ditt næraste ferieland. Vi byr på både speloppleving, andre opplevingar og gode tilbod på overnatting.

Du når mykje på dagstur til Herøy, men endå meir om du tek ei overnatting.

Herøyspelet i samarbeid med Thon Hotel Fosnavåg og Kjeldsund ungdomssenter byr på gode tilbod på overnatting. Ved Thon Hotel Fosnavåg er det spelpakke på 1990 kroner for overnatting for to vaksne og to barn med frokost og billettar til Herøyspelet.

Ved Kjeldsund ungdomssenter kan du velje ulike måtar å innrette deg på. Det billegaste er ei seng, utan frokost og der du sjølv har med sovepose. Då kostar overnattinga 210 kroner. Med frokost vert prisen 260 kroner. Overnatting i oppreidd seng kostar 300 kroner – og med frokost 350 kroner. Du kan også leige sengesett og handdukar. Det kostar 100 kroner. Ved overnatting på Kjeldsund får du også rabatt på billettane til Herøyspelet.

Kjeldsund-fra-FB

Med overnatting på plass er det berre å ta føre seg av det Herøy kan by på.

Herøyspelhelga opnar Skotholmen. Eit matmekka for sjømat. På ein eigen holme utanfor Fosnavåg er ei gamal sjøbud sett i stand, og det vert servert sjømat som skal gi deg ei smaksoppleving du seint vil gløyme. Det går skyssbåt frå Fosnavåg.

Kystbyen Fosnavåg ventar på deg med kvalitetsbutikkar og fleire stader du kan få deg ein matbit – mellom anna Madelynn Coffee, ein av dei eldste kaffibarane på Sunnmøre, ein av dei mest vidgjetne, og den som serverer heimelaga mat med ein touch av Texas.

Lettgådde kystfjell finn du over alt. Få høgdemeter byr på svimlande utsikt til storhav og tinderekker. Rundefjellet ventar med yrande fugleliv, havørner i store svev og kanskje også eit besøk på Runde fyr? I Kvalsvika er  Muletua eit ynda turmål til fjells. Det kan godt kombinerast med Mulevika ei sandstrand som det ikkje finst maken til der ho ligg ut mot storhavet med drivkvit sand, turkis badevatn og svarte kjempesteinar.

Og så er det berre å toppe helga med Herøyspelet. Vi viser det i år for 25. gong. I tillegg til spelet med si storslagne scene ut mot Stadhavet og ei historie som byr på hemn og heltar, drap og drama, sjalusi og kjærleik, så er spelet også yrande folkeliv, naturidyll og ei reise gjennom tusen år. Spelet vert vist på øya Herøy som har vore samlingsstad til alle tider. Her var kyrkje alt på 1000-talet, her har vore handel og handelsstad i århundrar – og her er til og med rettarstad der bøddelen kom på besøk.

I tunet på Herøy gard, ein handelsstad frå 1800-talet, vert det servert rømmegraut, kaffi og vaflar, pølser og is. Her er rom for god mat og god prat.

Velkomne skal de vere!

Kjøp billettar anten her på sida, eller på www.fosnavagkonserthus.no

Kystpilegrim under Herøyspelet

Lagt ut

Ro på pilegrimsferd, høyr om Herøys hemmelegheiter og middelaldermakt.

Herøyspelgudsteneste 2016
Erhard Hermansen frå Herøy frikyrkje, Knut Magne Dalsbø frå Den norske kyrkja og kulturleiar Eileen Gjerde frå Herøy kommune samarbeider om pilegrimsdelen av Herøyspel-helga.

Øya Herøy har ei over tusen år lang historie som viktig stoppestad langs Riksveg 1, kysten. Utover middelalderen var Herøy eit kyrkjeleg maktsentrum og også stoppestad for pilegrimar på veg mot Nidaros. No har pilegrimsvandringar og pilegrimstankegangen fått ny interesse, og det går igjen vandringar langs vestlandskysten, slik ein før vandra mot Nidaros og andre pilegrimsmål.

– Vi ønskjer å vere med på å knyte Herøy til kystpilegrimsleia igjen, seier kulturleiar i Herøy, Eileen Gjerde.

Saman med Herøyspelet legg Herøy kommune, Herøy kystmuseum og kyrkjene i Herøy til rette for at folk skal få ein liten smakebit av å vere pilegrim – både til lands og til vanns.

For å knyte den gamle stoppestaden for pilegrimar, Herøy, nærare til den nye pilegrimsinteressa vert det jobba på fleire område. Eileen Gjerde seier dei gjennom dette arbeidet både kan gi innbyggarane sterkare røter og identitet og at det er ein del av satsinga mot reiseliv i tida framover.

 

Pilegrim
Under Herøyspelet vert det også mini-pilegrimsvandring gjennom Herøy si snart tusen år lange kyrkjehistorie. Avdelingsleiar ved Herøy kystmuseum, Håvard Hatløy, leier vandringa.

Med færing til kyrkje
Eit av arbeidsområda er å utvide tilboda under Herøyspelet. I alle år sidan starten i 1992 har det vore arrangert gudsteneste i samband med spelet. Staden er den nesten tusen år gamle kyrkjetomta på Herøy. I fjor kom ein også i gang med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje og dei som ønskte kunne som dei gamle pilegrimane ro til Herøy og gudstenesta der. Dei som ikkje vil ro, kan i år vandre til Herøy.

Søndag ettermiddag var det også tilbod om ei mini-pilegrimsvandring. Avdelingsleiar ved Herøy kystmuseum Håvard Hatløy tok deltakarane med på ei vandring i Herøy si kyrkjehistorie. Frå kyrkjetomta og historia om middelalderkyrkja til Klosterhaugen, gjennom øya sine hundreår og heilt fram til starten av 1900-talet då kyrkja på Herøy vart flytta til ytre Herøy.

 

Pilegrimsforedrag

Øystein Ekroll
Øystein Ekroll skal halde foredrag om Herøysamfunnet for 1000-år sidan og kva det er med øya Herøy som gjer henne så spesiell.(Foto: NDR/Per Eide)

I år utvidar en pilegrimsdelen med pilegrimsforedrag laurdag. Då kjem arkeolog Øystein Ekroll som til dagleg arbeider ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider. Han starta karrieren som arkeolog nettopp på Herøy under utgravingane der i 1974. Nyleg tok han doktorgrad og er den som veit mest om Nidarosdomen. Der arbeider han no med å legge til rette for ei ny utstilling om Vestfronten i kyrkja – og med å legge til rette for innspeling av TV-serien Anno. Han har også arbeidd med stader som øya Herøy langs heile kysten frå Karmsundet til Helgelandskysten.

– Det som er spennande er å sjå Herøy i denne samanheng. Herøy er spesiell på mange måtar, men kvifor vart denne holmen som nesten berre er eit stort skjær i havet så viktig? Det handlar om hamn og kyrkjer og ei mengde andre bygningar. Kven sto bak? Kven bygde?

Ekroll vil også kome inn på kva slags samfunn Herøy var på 1000- og 1100-talet.

Den økumeniske gudstenesta søndag føremiddag vert utvida i samband med at Herøyspelet feirar jubileum. Vikingane for i vesterled og under Herøyspelet får ein besøk tilbake. Honorary Assistant Bishop in the Diocese of Newcastle, Bishop Stephen Pedley vert med på morgonbøna, pilegrimsturen til Herøy og i gudstenesta. Det same vert fungerande biskop i Møre, Olav Gading. I tillegg vert også Herøyspelkoret med.

Sigrid Moldestad til jubileums-Herøyspelet

Lagt ut
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Har den nye kona til herøyhovdingen vikingblod i årane som etterkomaren til Gange-Rolv?

Iallfall vaks folkemusikaren Sigrid Moldestad opp med mor frå Spjelkavik og ein morfar som meinte at dei var i slekt med Gange-Rolv. Om det er sant eller ikkje, så har ho nok meir nytte av både musikar-, scene- og teatererfaring når ho gir seg i kast med den stridige herøykvinna Inga under årets Herøyspel.

I tillegg til å vere folkemusikar har Sigrid Moldestad sceneerfaring som songar og skodespelar. No sist som Heidi i «Tonje Glimmerdal» på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. Der spelar ho mot regissøren i Herøyspelet, Gerald Pettersen. På DNS spelar Gerald Pettersen faren hennar. I Herøyspelet vert han mannen hennar.

Herøyspelet vert i år vist for 25. år på rad. Pettersen sluttar ringen i jubileumssesongen med å i tillegg til å vere regissør sjølv gå inn i rolla som Herøyhovding slik han gjorde då spelet var sett opp første gong. Frå Den Nationale Scene kjem også Eirik del Barco Soleglad som Ingolf Ynda og Frode Bjorøy som Karl-Mørske. Audun Sandem er tilbake som Kong Olav Haraldsson og Idun Losnegård som Kjerring Bråte.

Trollkjerringa spelar mot Ghopi Prabaharan som skal vere Fe den synske. Prabaharan er frå Sri Lanka, men familien flykta til Norge og kom til Herøy då han var ein baby. No er han utdanna skodespelar og er klar for å kome tilbake til Herøy og Herøyspelet.

Publikum kan glede oss til å høyre Sigrid Moldestad synge Inga-songen, og ho gler seg til spelet.

– Å vere Inga blir ei spennande oppgåve og utfordring. Og dette med historiske spel er noko eg aldri har vore med på før, men som eg har vore fasinert – og litt skræmd av.

60.000 sett spelet
Sidan starten i 1992 har om lag 60.000 personar sett Herøyspelet. Dei har opplevd utandørs magien der Stadhavet og den høge himmelen, ver og vind skaper stadig nytt lys og nye stemningar. Det er kjærleik og sjalusi, opprør og lengt, fødsel og død som vert spelt fram i små, vare tablå og store massescener med alle dei rundt 200 aktørane på scena.

Olav Haraldsson kjem til Herøy med ei ny tru og nye tankar. Det møter motstand og mange vert slitne mellom det nye og det gamle. Unn vert dregen mellom kjærleik til opprøraren Møre-Karl og slekta sine forventningar til at ho skal gå inn i det arrangerte akteskapet med Ingolf Ynda. Og gjennom det heile går den spesialskrivne musikken. Strekar under og løftar opp stemningar og følelsar.

– Det er eit fantastisk spel og ei historie som har alt som skal vere med. Fantastiske kostymar, fantastisk musikk og fantastiske kulissar. Det er å trekke vinnarloddet å sitje her å kike på spelet, sa dåverande leiar for Barneteatret vårt, Eva Mørkeset då ho opna spelet i 2015.

Herøyspelet vert vist første helga i juli.

Pakketilbod – Thon Hotel Fosnavåg

Lagt ut

Å velje rett overnatting på di reise til Herøy, kan gje opphaldet ditt det vesle ekstra!

I samarbeid med Thon Hotel Fosnavåg kan Herøyspelet tilby eit pakketilbod for 2 vaksne og to born til kr. 1990, der du i tillegg til entre på framsyninga av «Kongen Ring», kan overnatte i komfortable rom og nye frokosten din med utsikt til Fosnavåg sitt autentiske og levande hamnemiljø.

Overnatting på Thon Hotel Fosnavåg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På www.visitfosnavaag kan du finne og bestille overnatting i hotell, hytte, feriehus eller camping i Herøy.

Herøyspelet på mannfolkjakt

Lagt ut
Kong Olav Haraldsson med sine menn kjem til Herøy. Foto: Herøyspelet/Mariann Skorpen Berge
Kong Olav Haraldsson med sine menn kjem til Herøy. Foto: Herøyspelet/Mariann Skorpen Berge

Då det vart opna for påmelding til årets herøyspel, tikka det inn nesten ei påmelding i minuttet den første timen.

Sidan har det rausa på med fleire og no er det allereie 140 deltakarar som har meldt seg til jubileumsforestilling av Herøyspelet «Kongens ring».

Spelet vert i år sett opp for 25. gong og styreleiar Tor Sindre Steinsvik og rolle-administrator Knut Marius Leine gler seg til nok ein spelsommar etter 2015-sesongen der sola strålte om kapp med eit glitrande spel.

No har ein opna for påmelding. Ein har prøvd å nå alle som var med i fjor med epost med informasjon om påmelding og påmeldingsfristen som er 10. april. Knut Marius Leine minner om at også dei som har vore med før, og same kor mange gongar dei har vore med før, så må dei melde seg på igjen. Nye som vil vere med må også melde seg. Fristen er 10. april og då startar fordelinga av rollene. Etter 10. april er ein ikkje sikker på om ein får tilbake rolla ein hadde tidlegare. Før påmeldingsfristen prøver ein så langt det er råd å gi folk som ønskjer igjen dei same rollene, dersom dei for eksempel ikkje har vakse seg ut av rolla som herøybarn eller opprørsk ungdom. Då får dei plass andre stader i spelet.

– Vi ønskjer oss folk i alle aldrar, form og fasong.

Men jamt over er det ein sort ein er ekstra på jakt etter – menn. Mellom barn og unge av herøyfolket er det nesten fullt, men mellom vaksne herøyfolk, manglar det menn. 28 jenter har så langt søkt om dei atten jente-rollene i herjungflokken, men berre nokre få gutar har søkt. Hirden treng også fleire staute karar som kan trå til som livvakt for kongen. Og det trengst flaggberarar både til herjungar og konge. Same mønsteret ser ein i koret. Det fyllest opp på damestemmene, men det er foreløpig skrint på mannsrekka.

Kjekt og sosialt

Tor Sindre Steinsvik og Knut Marius Leine seier også at det er fint om dei som har lyst til å hjelpe til andre stader enn på scena, melder seg på. Anten det gjeld teknisk arbeid, rigging og rydding av område, kjøkenteneste eller sal av mat, billettar eller effektar…. Det er mykje som skal gjerast og det trengst mykje folk.

– Men kom og ver i lag og opplev kor kjekt det er, seier dei to karane.

Knut-Marius Leine har vore med i hirden i mange år. Sidan 2010 har han alt frå tidleg vår brukt eit uttal av timar ved pc-skjermen med gigantiske excel-skjema der påmeldingar og rollefordelingar vert administrert.

– Det er kjekt og sosialt å vere med. Og så er det rett og ein slett ein happening med denne herøyspelveka om sommaren.

Påmelding skjer på heimesida til Herøyspelet. Dersom nokon har vanskar med å få det til, kan ein sende ei tekstmelding til Knut-Marius, så tek han kontakt.

– Det er berre å melde seg.

Førehandssal av billettar har starta

Lagt ut

slide_amfi-1024x397

Herøyspelet «Kongens Ring» er eit sogespel som årleg vert framført i Herøy Kommune på Sunnmøre. Sidan musikken og songen har så framtredande roller, vert spelet med rette kalla «Vikingmusikalen i havgapet».

Framsyninga vert vist 2-3. juli 2016, og sidan starten har meir enn 50 000 personar sett dramaet mellom Unn den Fagre, festarmannen hennar Ingolv Ynda og friaren Karl Mørske. Midt i dette dramaet kjem sjølvaste kong Olav Haraldsson «Heilag Olav» med sine skip og hærmenn til øya. Handlinga er basert på ei hending nemnd i Snorres kongesagaer, og framsyninga skjer på den vesle øya der kongen i 1027 heldt husting.

Spelet vert utvikla frå år til år og framsyninga har eit magisk påvirking på sitt publikum. Den omfattande produksjonen består av om lag 350 aktørar på og utanfor scena, der profesjonelle skodespelarar og musikarar innehar leiande roller saman med dyktige amatørar frå regionen. Rolf Losnegård har skrive manus og Svein Møller har komponert musikken.

Publikumsbenkene er plassert i eit naturleg amfi med ei fantastisk utsikt til havet og landskapet ikring.

Her kan du kjøpe billett:

ebillett

Gruppebillettar kan bestillast på mob. 954 56 945 eller på e-post: kongensring(a)heroyspelet.no

No kan du melde deg til årets Herøyspel

Lagt ut

Vi har opna for påmelding til dei ulike rollene på og utanfor scena til årets Herøyspel.  Her finn du skjema for påmelding.

 

I år markerer «Kongens Ring» 25 år, og styreleiar Tor Sindre Steinsvik er stolt over å kunne tilby denne opplevinga til publikum også i år.

– Det vert både framsyningar, foredrag, økumenisk pilegrimsgudsteneste, pilegrimsvandringar og mykje folkeliv helga 2-3. juli 2016.

Vikingmusikalen i havgapet, som spelet også vert kalla, skjer i historiske omgjevnader på Herøy gard. Staden set ei heilt spesiell ramme for både opplevingar og ettertanke, og i dette mangfaldet av aktivitetar står olavsspelet «Kongen Ring» som den største enkeltproduksjonen i løpet av helga.

 

Kulturløft

– Vi treng lokale kulturløft, og i Herøy har vi mange. Eit rikt og mangfaldig kulturliv blir bygt opp med utgangspunkt i lokale føresetnader, og for «Kongens Ring» vises dette gjennom sterkt lokalt engasjement og eit spelinnhald som baserer seg på vår eiga, lokale fortid, seier Steinsvik.

Gode lokale kulturarenaer er avgjerande for å utvikle små og store talent, og for Herøyspelet omfattar dette 200 aktørar er i sving på sjølve sceneområdet, og 150 personar som arbeider i støttefunksjonar.

– Kultur er viktig heile livet, men det er ei særleg viktig oppgåve å bidra til at barn og unge møter kultur tidleg, og at dei får medverke til og oppleve god kultur. Steinsvik oppmodar difor alle som ynskjer å delta om å melde seg så raskt som mogleg. Etter 10. april startar arbeidet med å tildele dei ulike rollene.

Skjema for påmelding.