I helga er det Herøyspel

by / onsdag, 01 juli 2015 / Published in Nyhende

 

hspeloving

Hedvig Garshol, Eirik del Barco Soleglad, Ketil Høegh, Ingrid Megård Sæter og Gerald Pettersen i gang med øvingane på Herøy amfi. Tekst/Foto: Herøyspelet

 

Hovudrollene er i gang med øvingane og søndag ettermiddag samlast heile spelfamilien til første storøving.

 

– Spelplassen her er berre heilt fantastisk, og i slikt ver er det som eit glansbilde!

Ketil Høegh er førstereisgut i Herøyspelet og saman med dei andre profesjonelle skodespelarane no i gang med øvingane til Herøyspelet som i år vert sett opp for 24. gong på rad. Det er det ingen spel mellom Kinnaspelet i Florø og Stiklestadspelet i Nord-Trøndelag som kan vise til.

– Det var eg klar på heilt frå starten. Vi må halde kontinuiteten og kvaliteten – og auke kvaliteten år for år, seier regissør Gerald Pettersen som har vore med sidan spelet berre var ein ide.

 

Nye grep

Han gjer stadig nye grep for å gjere spelet betre og tydelegare. Og barnescena vert skriva heilt ny år for år. I tillegg gler han seg over nye skodespelarar som vil vere med på å føre spelet vidare.

– Nye skodespelarar kjem med nye tankar og nytt liv til spelet.

Ingrid Megård Sæter er sprellande fersk og nyutdanna. Det passar til rolla som ungjenta Unn. Herøyhovdingen vert i år spelt av Ketil Høegh med solid både skodespelarerfaring og erfaring frå utespel. For mange er han sist sett som «Brynjar» i tv-serien «Himmelblå» som no går på NRK laurdagskveldane.  Idun Losnegård er ny som trollkjerringa i spelet, men har også mangslungen erfaring frå utespel.

I tillegg til desse tre nye i Herøyspelfamilien kjem ei solid rekke av Herøyspel-erfaring frå Den Nationale Scene i Bergen.

 

Kongen tilbake på Herøy

Kongen, Audun Sandem, er med for andre gong i år. Over ein million tv-sjåarar opplevde han i «Kampen om tungtvannet» i vinter. No skal han kjempe med opprørske herjungar på Herøy amfi. Frode Bjorøy har tidlegare vore Ingolf Ynda i mange år. I år skal han svinge sverdet som Møre-Karl. Eirik del Barco Soleglad blir Ingolf Ynda for andre gong, medan Bjørn Willberg Andersen er superveteranen mellom dei profesjonelle skodespelarane og fyller rolla som Fe den synske for sekstande gong. Hedvig Garshol som Inga er også med å gi spelet kontinuitet.

hspeloving3 hspeloving2

Møre-Karl med sverdet og gode samtaler i amfiet. Foto: Herøyspelet

 

Snart er det spel!

Herøyspelet vert vist første helga i juli på Herøy amfi. Då skal det kjempast mellom gamal og ny tid, gamal og ny tru. Det er kjærleik mot plikt, sverdslag og indre kampar.

På scena myldrar det av 200 profesjonelle og amatørar, skodespelarar, kor og orkester som jobbar i lag for å gi publikum ei tidsreise og ei teateroppleving, musikk, spel og drama.  Bakteppet er det storslagne Stadhavet og sjefscenografen sender nokre gongar regn og nokre gongar sol.

Regissør Gerald Pettersen gir ros til heile det store apparatet som er i sving for å setje opp Herøyspelet. I tillegg til arbeidskraft og dugnadsånd frå lokale kjem ei rekkje profesjonelle i nøkkelposisjonar i for eksempel lyd, musikk og sminke.

– Og eg synest det vert eit veldig bra spel.

TOP