Pilegrimsdag under Herøyspelet

by / onsdag, 01 juli 2015 / Published in Nyhende

batar

Herøy kystmuseum har ei rekke ulike båtar. Søndag kan ein ro til kyrkje som ein ekte kystpilegrim. Tekst/Foto: Herøyspelet


Etter morgonbøna kan du ro til kyrkje på Herøy. Så er det tid for rjomegraut, pilegrimsvandring og spel.

Herøyspelet er ein del av den nasjonale kystpilegrimsleia og spelsøndagen byr på ein heil dag der du kan delta på ein eller fleire delar av ein pilegrimsdag.

Søndagen startar med morgonbøn i Stokksund kyrkje. Dei som vil kan ro derifrå og til Herøy der det blir økumenisk gudsteneste på deni gamle kyrkjetomta. Det går også buss for dei som ønskjer det.

 

Vesterled

Gudstenesta vil ha eit pilegrimspreg. Mellom anna blir frikyrkjepastor frå Sula, Jan Løkkeborg, med. Han har i fleire år leia pilegrimsvandringar til det kjende pilegrimsmålet Lindisfarne i Nord-England. Han har også erfaring frå pilegrimsvandring i ørkenen i Egypt. Songar og andre innslag vil vere inspirerte av kristne sysken i vesterled.

heroyberga

Gudstenesta foregår på den gamle kyrkjetomta på Herøyberga. Foto: Herøyspelet

 

Etter kyrkja er det tid for mat og kvile før det vert sett opp kort pilegrimsvandring på Herøy. Leiar på Herøy kystmuseum, Håvard Hatløy, tek deltakarane med  gjennom den tusenårige kyrkjehistoria til Herøy.

Det startar med kyrkja som kan ha vorte påstarta så tidleg som på 1000-talet. Herøy var eit kyrkjeleg tyngdepunkt i middelalderen som hovudsete for eitt av to prestegjeld på Sunnmøre. Øvst på Herøy ligg også Klosterhaugen med spor etter ei middelalderbygning. I naturen veks det spor etter klosterdrift og på berget er det rissa inn eit bumerke som liknar bumerket til erkebiskopen. Skal ein tore å konkludere med at det var kloster på øya?

 

Spel og sverdslag om den sterke makt

Dagen kan avsluttast med Herøyspelet «Kongens Ring» som i det meir såpeopera-aktige spørsmålet om kven som skal ha hovdingdottera Unn, også handlar om kampen mellom ny og gamal tru og der eit av dei store spørsmåla er «Kva er den sterke makt i verda?»

bisp

Herøyspelet med kampen mellom ny og gamal tru er ein naturleg del av kystpilegrimsleia. Foto: Herøyspelet

TOP