No kan du melde deg til årets Herøyspel

by / laurdag, 27 februar 2016 / Published in Nyhende

Vi har opna for påmelding til dei ulike rollene på og utanfor scena til årets Herøyspel.  Her finn du skjema for påmelding.

 

I år markerer «Kongens Ring» 25 år, og styreleiar Tor Sindre Steinsvik er stolt over å kunne tilby denne opplevinga til publikum også i år.

– Det vert både framsyningar, foredrag, økumenisk pilegrimsgudsteneste, pilegrimsvandringar og mykje folkeliv helga 2-3. juli 2016.

Vikingmusikalen i havgapet, som spelet også vert kalla, skjer i historiske omgjevnader på Herøy gard. Staden set ei heilt spesiell ramme for både opplevingar og ettertanke, og i dette mangfaldet av aktivitetar står olavsspelet «Kongen Ring» som den største enkeltproduksjonen i løpet av helga.

 

Kulturløft

– Vi treng lokale kulturløft, og i Herøy har vi mange. Eit rikt og mangfaldig kulturliv blir bygt opp med utgangspunkt i lokale føresetnader, og for «Kongens Ring» vises dette gjennom sterkt lokalt engasjement og eit spelinnhald som baserer seg på vår eiga, lokale fortid, seier Steinsvik.

Gode lokale kulturarenaer er avgjerande for å utvikle små og store talent, og for Herøyspelet omfattar dette 200 aktørar er i sving på sjølve sceneområdet, og 150 personar som arbeider i støttefunksjonar.

– Kultur er viktig heile livet, men det er ei særleg viktig oppgåve å bidra til at barn og unge møter kultur tidleg, og at dei får medverke til og oppleve god kultur. Steinsvik oppmodar difor alle som ynskjer å delta om å melde seg så raskt som mogleg. Etter 10. april startar arbeidet med å tildele dei ulike rollene.

Skjema for påmelding.

TOP