Herøyspelet på mannfolkjakt

by / måndag, 11 april 2016 / Published in Nyhende
Kong Olav Haraldsson med sine menn kjem til Herøy. Foto: Herøyspelet/Mariann Skorpen Berge

Kong Olav Haraldsson med sine menn kjem til Herøy. Foto: Herøyspelet/Mariann Skorpen Berge

Då det vart opna for påmelding til årets herøyspel, tikka det inn nesten ei påmelding i minuttet den første timen.

Sidan har det rausa på med fleire og no er det allereie 140 deltakarar som har meldt seg til jubileumsforestilling av Herøyspelet «Kongens ring».

Spelet vert i år sett opp for 25. gong og styreleiar Tor Sindre Steinsvik og rolle-administrator Knut Marius Leine gler seg til nok ein spelsommar etter 2015-sesongen der sola strålte om kapp med eit glitrande spel.

No har ein opna for påmelding. Ein har prøvd å nå alle som var med i fjor med epost med informasjon om påmelding og påmeldingsfristen som er 10. april. Knut Marius Leine minner om at også dei som har vore med før, og same kor mange gongar dei har vore med før, så må dei melde seg på igjen. Nye som vil vere med må også melde seg. Fristen er 10. april og då startar fordelinga av rollene. Etter 10. april er ein ikkje sikker på om ein får tilbake rolla ein hadde tidlegare. Før påmeldingsfristen prøver ein så langt det er råd å gi folk som ønskjer igjen dei same rollene, dersom dei for eksempel ikkje har vakse seg ut av rolla som herøybarn eller opprørsk ungdom. Då får dei plass andre stader i spelet.

– Vi ønskjer oss folk i alle aldrar, form og fasong.

Men jamt over er det ein sort ein er ekstra på jakt etter – menn. Mellom barn og unge av herøyfolket er det nesten fullt, men mellom vaksne herøyfolk, manglar det menn. 28 jenter har så langt søkt om dei atten jente-rollene i herjungflokken, men berre nokre få gutar har søkt. Hirden treng også fleire staute karar som kan trå til som livvakt for kongen. Og det trengst flaggberarar både til herjungar og konge. Same mønsteret ser ein i koret. Det fyllest opp på damestemmene, men det er foreløpig skrint på mannsrekka.

Kjekt og sosialt

Tor Sindre Steinsvik og Knut Marius Leine seier også at det er fint om dei som har lyst til å hjelpe til andre stader enn på scena, melder seg på. Anten det gjeld teknisk arbeid, rigging og rydding av område, kjøkenteneste eller sal av mat, billettar eller effektar…. Det er mykje som skal gjerast og det trengst mykje folk.

– Men kom og ver i lag og opplev kor kjekt det er, seier dei to karane.

Knut-Marius Leine har vore med i hirden i mange år. Sidan 2010 har han alt frå tidleg vår brukt eit uttal av timar ved pc-skjermen med gigantiske excel-skjema der påmeldingar og rollefordelingar vert administrert.

– Det er kjekt og sosialt å vere med. Og så er det rett og ein slett ein happening med denne herøyspelveka om sommaren.

Påmelding skjer på heimesida til Herøyspelet. Dersom nokon har vanskar med å få det til, kan ein sende ei tekstmelding til Knut-Marius, så tek han kontakt.

– Det er berre å melde seg.

TOP