Sigrid Moldestad til jubileums-Herøyspelet

by / måndag, 30 mai 2016 / Published in Nyhende
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Har den nye kona til herøyhovdingen vikingblod i årane som etterkomaren til Gange-Rolv?

Iallfall vaks folkemusikaren Sigrid Moldestad opp med mor frå Spjelkavik og ein morfar som meinte at dei var i slekt med Gange-Rolv. Om det er sant eller ikkje, så har ho nok meir nytte av både musikar-, scene- og teatererfaring når ho gir seg i kast med den stridige herøykvinna Inga under årets Herøyspel.

I tillegg til å vere folkemusikar har Sigrid Moldestad sceneerfaring som songar og skodespelar. No sist som Heidi i «Tonje Glimmerdal» på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. Der spelar ho mot regissøren i Herøyspelet, Gerald Pettersen. På DNS spelar Gerald Pettersen faren hennar. I Herøyspelet vert han mannen hennar.

Herøyspelet vert i år vist for 25. år på rad. Pettersen sluttar ringen i jubileumssesongen med å i tillegg til å vere regissør sjølv gå inn i rolla som Herøyhovding slik han gjorde då spelet var sett opp første gong. Frå Den Nationale Scene kjem også Eirik del Barco Soleglad som Ingolf Ynda og Frode Bjorøy som Karl-Mørske. Audun Sandem er tilbake som Kong Olav Haraldsson og Idun Losnegård som Kjerring Bråte.

Trollkjerringa spelar mot Ghopi Prabaharan som skal vere Fe den synske. Prabaharan er frå Sri Lanka, men familien flykta til Norge og kom til Herøy då han var ein baby. No er han utdanna skodespelar og er klar for å kome tilbake til Herøy og Herøyspelet.

Publikum kan glede oss til å høyre Sigrid Moldestad synge Inga-songen, og ho gler seg til spelet.

– Å vere Inga blir ei spennande oppgåve og utfordring. Og dette med historiske spel er noko eg aldri har vore med på før, men som eg har vore fasinert – og litt skræmd av.

60.000 sett spelet
Sidan starten i 1992 har om lag 60.000 personar sett Herøyspelet. Dei har opplevd utandørs magien der Stadhavet og den høge himmelen, ver og vind skaper stadig nytt lys og nye stemningar. Det er kjærleik og sjalusi, opprør og lengt, fødsel og død som vert spelt fram i små, vare tablå og store massescener med alle dei rundt 200 aktørane på scena.

Olav Haraldsson kjem til Herøy med ei ny tru og nye tankar. Det møter motstand og mange vert slitne mellom det nye og det gamle. Unn vert dregen mellom kjærleik til opprøraren Møre-Karl og slekta sine forventningar til at ho skal gå inn i det arrangerte akteskapet med Ingolf Ynda. Og gjennom det heile går den spesialskrivne musikken. Strekar under og løftar opp stemningar og følelsar.

– Det er eit fantastisk spel og ei historie som har alt som skal vere med. Fantastiske kostymar, fantastisk musikk og fantastiske kulissar. Det er å trekke vinnarloddet å sitje her å kike på spelet, sa dåverande leiar for Barneteatret vårt, Eva Mørkeset då ho opna spelet i 2015.

Herøyspelet vert vist første helga i juli.

TOP