Kystpilegrim under Herøyspelet

by / tysdag, 07 juni 2016 / Published in Nyhende

Ro på pilegrimsferd, høyr om Herøys hemmelegheiter og middelaldermakt.

Herøyspelgudsteneste 2016

Erhard Hermansen frå Herøy frikyrkje, Knut Magne Dalsbø frå Den norske kyrkja og kulturleiar Eileen Gjerde frå Herøy kommune samarbeider om pilegrimsdelen av Herøyspel-helga.

Øya Herøy har ei over tusen år lang historie som viktig stoppestad langs Riksveg 1, kysten. Utover middelalderen var Herøy eit kyrkjeleg maktsentrum og også stoppestad for pilegrimar på veg mot Nidaros. No har pilegrimsvandringar og pilegrimstankegangen fått ny interesse, og det går igjen vandringar langs vestlandskysten, slik ein før vandra mot Nidaros og andre pilegrimsmål.

– Vi ønskjer å vere med på å knyte Herøy til kystpilegrimsleia igjen, seier kulturleiar i Herøy, Eileen Gjerde.

Saman med Herøyspelet legg Herøy kommune, Herøy kystmuseum og kyrkjene i Herøy til rette for at folk skal få ein liten smakebit av å vere pilegrim – både til lands og til vanns.

For å knyte den gamle stoppestaden for pilegrimar, Herøy, nærare til den nye pilegrimsinteressa vert det jobba på fleire område. Eileen Gjerde seier dei gjennom dette arbeidet både kan gi innbyggarane sterkare røter og identitet og at det er ein del av satsinga mot reiseliv i tida framover.

 

Pilegrim

Under Herøyspelet vert det også mini-pilegrimsvandring gjennom Herøy si snart tusen år lange kyrkjehistorie. Avdelingsleiar ved Herøy kystmuseum, Håvard Hatløy, leier vandringa.

Med færing til kyrkje
Eit av arbeidsområda er å utvide tilboda under Herøyspelet. I alle år sidan starten i 1992 har det vore arrangert gudsteneste i samband med spelet. Staden er den nesten tusen år gamle kyrkjetomta på Herøy. I fjor kom ein også i gang med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje og dei som ønskte kunne som dei gamle pilegrimane ro til Herøy og gudstenesta der. Dei som ikkje vil ro, kan i år vandre til Herøy.

Søndag ettermiddag var det også tilbod om ei mini-pilegrimsvandring. Avdelingsleiar ved Herøy kystmuseum Håvard Hatløy tok deltakarane med på ei vandring i Herøy si kyrkjehistorie. Frå kyrkjetomta og historia om middelalderkyrkja til Klosterhaugen, gjennom øya sine hundreår og heilt fram til starten av 1900-talet då kyrkja på Herøy vart flytta til ytre Herøy.

 

Pilegrimsforedrag

Øystein Ekroll

Øystein Ekroll skal halde foredrag om Herøysamfunnet for 1000-år sidan og kva det er med øya Herøy som gjer henne så spesiell.(Foto: NDR/Per Eide)

I år utvidar en pilegrimsdelen med pilegrimsforedrag laurdag. Då kjem arkeolog Øystein Ekroll som til dagleg arbeider ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider. Han starta karrieren som arkeolog nettopp på Herøy under utgravingane der i 1974. Nyleg tok han doktorgrad og er den som veit mest om Nidarosdomen. Der arbeider han no med å legge til rette for ei ny utstilling om Vestfronten i kyrkja – og med å legge til rette for innspeling av TV-serien Anno. Han har også arbeidd med stader som øya Herøy langs heile kysten frå Karmsundet til Helgelandskysten.

– Det som er spennande er å sjå Herøy i denne samanheng. Herøy er spesiell på mange måtar, men kvifor vart denne holmen som nesten berre er eit stort skjær i havet så viktig? Det handlar om hamn og kyrkjer og ei mengde andre bygningar. Kven sto bak? Kven bygde?

Ekroll vil også kome inn på kva slags samfunn Herøy var på 1000- og 1100-talet.

Den økumeniske gudstenesta søndag føremiddag vert utvida i samband med at Herøyspelet feirar jubileum. Vikingane for i vesterled og under Herøyspelet får ein besøk tilbake. Honorary Assistant Bishop in the Diocese of Newcastle, Bishop Stephen Pedley vert med på morgonbøna, pilegrimsturen til Herøy og i gudstenesta. Det same vert fungerande biskop i Møre, Olav Gading. I tillegg vert også Herøyspelkoret med.

TOP