Oppleving og overnatting

by / måndag, 27 juni 2016 / Published in Nyhende

Velkomen til Herøy, ditt næraste ferieland. Vi byr på både speloppleving, andre opplevingar og gode tilbod på overnatting.

Du når mykje på dagstur til Herøy, men endå meir om du tek ei overnatting.

Herøyspelet i samarbeid med Thon Hotel Fosnavåg og Kjeldsund ungdomssenter byr på gode tilbod på overnatting. Ved Thon Hotel Fosnavåg er det spelpakke på 1990 kroner for overnatting for to vaksne og to barn med frokost og billettar til Herøyspelet.

Ved Kjeldsund ungdomssenter kan du velje ulike måtar å innrette deg på. Det billegaste er ei seng, utan frokost og der du sjølv har med sovepose. Då kostar overnattinga 210 kroner. Med frokost vert prisen 260 kroner. Overnatting i oppreidd seng kostar 300 kroner – og med frokost 350 kroner. Du kan også leige sengesett og handdukar. Det kostar 100 kroner. Ved overnatting på Kjeldsund får du også rabatt på billettane til Herøyspelet.

Kjeldsund-fra-FB

Med overnatting på plass er det berre å ta føre seg av det Herøy kan by på.

Herøyspelhelga opnar Skotholmen. Eit matmekka for sjømat. På ein eigen holme utanfor Fosnavåg er ei gamal sjøbud sett i stand, og det vert servert sjømat som skal gi deg ei smaksoppleving du seint vil gløyme. Det går skyssbåt frå Fosnavåg.

Kystbyen Fosnavåg ventar på deg med kvalitetsbutikkar og fleire stader du kan få deg ein matbit – mellom anna Madelynn Coffee, ein av dei eldste kaffibarane på Sunnmøre, ein av dei mest vidgjetne, og den som serverer heimelaga mat med ein touch av Texas.

Lettgådde kystfjell finn du over alt. Få høgdemeter byr på svimlande utsikt til storhav og tinderekker. Rundefjellet ventar med yrande fugleliv, havørner i store svev og kanskje også eit besøk på Runde fyr? I Kvalsvika er  Muletua eit ynda turmål til fjells. Det kan godt kombinerast med Mulevika ei sandstrand som det ikkje finst maken til der ho ligg ut mot storhavet med drivkvit sand, turkis badevatn og svarte kjempesteinar.

Og så er det berre å toppe helga med Herøyspelet. Vi viser det i år for 25. gong. I tillegg til spelet med si storslagne scene ut mot Stadhavet og ei historie som byr på hemn og heltar, drap og drama, sjalusi og kjærleik, så er spelet også yrande folkeliv, naturidyll og ei reise gjennom tusen år. Spelet vert vist på øya Herøy som har vore samlingsstad til alle tider. Her var kyrkje alt på 1000-talet, her har vore handel og handelsstad i århundrar – og her er til og med rettarstad der bøddelen kom på besøk.

I tunet på Herøy gard, ein handelsstad frå 1800-talet, vert det servert rømmegraut, kaffi og vaflar, pølser og is. Her er rom for god mat og god prat.

Velkomne skal de vere!

Kjøp billettar anten her på sida, eller på www.fosnavagkonserthus.no

TOP