Til kyrkje som for tusen år sidan

by / sundag, 25 juni 2017 / Published in Nyhende

Søndag kan du ro til kyrkje og møtast som kyrkje slik dei gjorde for nesten tusen år sidan.

Den første kyrkja på var påbegynt kanskje alt på 1000-talet. Marmorkyrkja dei reiste då samla folk frå vide i kring. Og dei kom i båt. Gudstenesta på øya Herøy søndag føremiddag står dermed i ein mange hundreår lang tradisjon.

Ro til kyrkje_Herøyspel160703-1006 - Kopi

 

«Kongens Ring» handlar om då den nye trua kom til Norge, og gudstenesta har sin naturlege plass i Herøyspelet. Dei siste åra har sjølve gudstenesta også vorte utvida med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje og ei mini-pilegrimsferd med færing til Herøy.

Etter samlinga i Indre Herøy kyrkje går ein til den gamle prestegardsvôren i Stokksund og legg derifrå ut med båt. Undervegs blir det korte kvilestopp der det gjerne vert lest ei kort tekst og kanskje sunge eit vers. Ein er på kyrkjeveg også mentalt. Dei som ikkje kan eller vil vere med å ro, kan ta skyttelbussane som går frå Stokksund skule til Herøy.

Med sus frå farne tider

På Herøy ventar økumenisk gudsteneste på den gamle kyrkjetomta og Bjarne Rabben-salmen som seier «Vi møtest i den frie luft (….) med sus frå farne tider». Denne salmen, spesialskriven til gudstenester på denne kyrkjetoma, har vore med i gudstenesta i mange, mange år. Andre verset fortel også om den lange tradisjonen både gudstenesta og det å kome sjøvegen står i, der ein syng om å kome over sund og fjord i stormver og stille.

Kor_gudsteneste_Herøyspel160703-952

 

 

 

 

 

Prest Bjørn Leinebø seier salmen set gudstenesta på Herøyberga i perspektiv på ein god måte. Samlinga fortel om lange tradisjonar og djupe røter.

  • I tillegg er det fint at vi kan møtast, tre kyrkjesamfunn, og feire gudsteneste i lag.

I gudstenesta vert det med deltakarar frå Den norske kyrkja, frå Frikyrkja og frå Sion. Dag Johan Flattun vert med som organist, Synnøve og Vegard Voldsund skal synge, det blir med blåsegruppe og som alltid avsluttar Herøyspelkoret med songen frå «Kongens ring» om Herøy havland og Herøy heimland.

Den som vil vite meir om øya Herøy si tusenårige historie kan få vere med museumsstyrar Håvard Hatløy på lokalhistoriske vandring rundt på øya etter gudstenesta. Timeplanen er lagt opp slik at ein ein når både gudsteneste, middag, vandring og siste framsyning søndag ettermiddag.

Herøy gard baksida

TOP