Gjer klart for 101. framsyning

by / tysdag, 27 juni 2017 / Published in Nyhende

Elias Warholm, Gaute Wiik, Ole Martin Øyehol og Tommy Wiik gjer seg klar til ny spelsesong. Elias Warholm frå Herøy har lokka med hareidsdølane. – Dette må berre alle få oppleve, seier han.

Dei 300 deltakarane i «Kongens Ring» gjer no klart for nye framsyningar.

Det summar i Herøy amfi. Det er eit år sidan sist. Gjensynsgleda er stor.  Både gleda over å sjå igjen kvarandre og  vere på spelplassen igjen.

– Når eg kjem over brua til Herøy, så berre senkar roa seg,  eg kjenner det langt inn i sjela, seier Ann Margreth Slåttelid, som spelar Ravna, den eldste Herøykvinna, ho som skal ha sett det meste av elendigheit og gleder. Og gjennom ti år i rolla har ho vore med på mange av gledene i spelet.
– Og vi blir som ein einaste stor familie. Det er berre så kjekt.

Ann Margreth Slåttelid og Gerd Leikanger er galne kjerringar i spelet. – Det er berre kjekt å få vere litt gal av og til, seier dei.

Gerd Leikanger er ei anna av Herøykvinnene som har ei rolle der ho har prøvd det meste. Ho er beint fram skræmd frå vitet. Og ser ut der etter.- Det er kjekt å få vere litt gal av og til, ler dei to i ei pause under den første øvingsdagen.

Gerd Leikanger som Gråla.

Så kjekt at alle må få oppleve det

I tillegg til hundre medhjelparar er det 200 aktørane som skal i sving på scena. Desse er no i gang med å gå gjennom dei første scenene. Mykje folk skal plasserast. Noko skal dei huske frå i fjor. Noko må dei berre gløyme, for det skal skapast nye bilde og nye scener.

Rundt omkring i forskjellige flokkar finn ein fire kameratar; ein herøyværing og tre hareidsdølar. Elias Warholm har vore med i mange år. I fjor fekk han med Gaute Wiik og Tommy Wiik frå Hareid.Rundt omkring i forskjellige flokkar finn ein fire kameratar; ein herøyværing og tre hareidsdølar. Elias Warholm har vore med i mange år. I fjor fekk han med Gaute Wiik og Tommy Wiik frå Hareid.

– Eg meinte dei måtte vere med, for dette er så kjekt at det må alle få oppleve, seier Elias.

Gaute og Tommy vart med i fjor, og i år har dei fått med naboen Ole Martin Øyehol.

– Det var veldig kjekt, så han også måtte få det med seg. Det er ein fin sommarhobby, sommarleir, smiler dei.

Regissør Gerald Pettersen går laust på spelet for 26. år. Og igjen har han endringar i ermet. Med nye folk i nye roller veks det fram nye mulegheiter. Som i år når følgjesveinen til trollkjerringa er 16-år gamle Simon Voldsund som har gått gradene i spelet frå Herøyunge til unge med talerolle og no hovudrolle.

– Det opnar for at trollkjerringa kan ha lokka med seg ein ung og litt truskyldig fyr og det vil gi rollene ein ny dimensjon og ny dynamikk.

200 aktørar skal i sving på scena og det er mykje som skal øvast inn i ei hektisk øveveke frå søndag til generalprøva fredag.

Vikingmusikal

Herøyspelet «Kongens Ring» handlar om hovdingdottera Unn som er forlova med den både mora, familien og samfunnet meiner ho bør gifte seg med. Men ei vårnatt stikk ho av med opprøraren og rebellen Møre-Karl. I kampen mellom det etablerte Herøy-samfunnet og desse opprørarane der hemn er viktig, kjem kong Olav Haraldsson med sitt prat om ny tru og tilgiving. Stemningane vert forsterka av mykje musikk i det som blir kalla verdas vakraste vikingmusikal. Både kor og stort orkester er med på å gjere spelet levande.

Før og etter framsyningane er det folkeliv, matsal og aktivitetar på tunet på Herøy kystmuseum. Barna kan få prøve seg på sverdleik og prøve hjelmar og brynjer, og folk kan også ro seg ein tur med ein færing frå museet.

TOP