Førehandssal av billettar

by / sundag, 04 mars 2018 / Published in Nyhende

Herøyspelet «Kongens Ring» er eit sogespel som årleg vert framført i Herøy Kommune på Sunnmøre. Sidan musikken og songen har så framtredande roller, vert spelet med rette kalla «Vikingmusikalen i havgapet».

Framsyninga vert vist 30. juni -1. juli 2018, og sidan starten har meir enn 50 000 personar sett dramaet mellom Unn den Fagre, festarmannen hennar Ingolv Ynda og friaren Karl Mørske. Midt i dette dramaet kjem sjølvaste kong Olav Haraldsson «Heilag Olav» med sine skip og hærmenn til øya. Handlinga er basert på ei hending nemnd i Snorres kongesagaer, og framsyninga skjer på den vesle øya der kongen i 1027 heldt husting.

Spelet vert utvikla frå år til år og framsyninga har eit magisk påvirking på sitt publikum. Den omfattande produksjonen består av om lag 350 aktørar på og utanfor scena, der profesjonelle skodespelarar og musikarar innehar leiande roller saman med dyktige amatørar frå regionen. Rolf Losnegård har skrive manus og Svein Møller har komponert musikken.

Publikumsbenkene er plassert i eit naturleg amfi med ei fantastisk utsikt til havet og landskapet ikring.

Her kan du kjøpe billett:

ebillett

Gruppebillettar kan bestillast på mob. 954 56 945 eller på e-post: kongensring(a)heroyspelet.no

TOP