Herøyhovding med maks ansiennitet

by / torsdag, 24 mai 2018 / Published in Nyhende

Bjørn Holum blir høvding og Elise Nærø får forteljar-rolla som skal seie at det hende i Herøys gamle, gamle tid.

Det blir fleire nye fjes å sjå mellom hovudrollene i årets utgave av «Kongens ring». Den største forandringa for dei som har sett spelet fleire gongar, vert kanskje at Bjørn Holum etter 27 år ikkje lenger skal ha forteljar-rolla. Han har sett i gang spelet over hundre gongar med bass-stemma som kunngjer at «det hende i Herøys gamle, gamle tid».

No kjem i staden ei djup kvinnestemme; Elise Nærø.

  • Det skal bli så kjekt å drive med skodespel igjen. Det har eg alltid elska, fortel Nærø som no er mest kjent for stemma og musikken sin.

Nærø fortel at då ho gjekk på Kongshaug Musikkgymnas, så dreiv dei også mykje med skodespel. Mellom anna spelte ho Agnes, kona til Brand i oppsetninga av det kjende Ibsen-stykket.

  • Og det med skodespel er noko eg liker så godt at eg vurderte om eg skulle gå den vegen, iallfall kombinere det med musikk i musikalar.

Og det får ho gjere no. I det som blir kalla verdas vakraste vikingmusikal, 30. juni og 1. juli.

  • Eg gler meg. Dette er noko å bryne seg på. Det er formidling som eg liker så godt. Og så gir Herøyspelet meg gåsehud. Eg er glad i dramatikk og Herøyspelet er sterke følelsar.

Herøyhovding med austlandsdialekt

Etter å ha vore forteljar kvart einaste år sidan 1992, går no Bjørn Holum over til rolla som Ragnar herøyhovding. Songaren og konserthus-sjefen får dermed ei mykje større skodespelar-rolle i spelet.

  • Eg har litt erfaring frå skodespel frå før, men om dette går bra, det får vise seg, ler han.

Holum har også tidlegare vorte utfordra til å ta andre roller i spelet, men han har vore så fornøgd med rolla som forteljar at han har takka nei. Fram til i år.

  • Men no tenkte eg kvifor ikkje? Det hadde vore interessant å prøve.

Austlendingen Holum har etter ein mannsalder på Sunnmøre ikkje tendensar til sunnmørsdialekt, og har såpass respekt for språket at lurer på om dialekten til herøyhovdingen vil by på utfordringar.

  • Men etter 30 år i området, så må eg vel ha fått med meg eitt og anna, så vi får tru det går.

Fredrik Steen som ung festarmann

Saman med desse to er det også andre frå regionen som skal ha hovudroller. Hedvig Garshol, opprinneleg frå Ulsteinvik er også i år med som Kjerring Bråte. Ein annan ulsteinvikar, Fredrik Steen, skal spele Ingolf Ynda. Steen kjenner spelet godt frå då han spelte kongen for nokre år sidan.

  • Og det er kjempekjekt å bli spurt om å vere med igjen, og eg gler meg verkeleg. Det er stor stas å vere med i eit apparat med så mykje humør og stå-på-vilje. Og så blir det ei utfordring å spele ung, uskyldig mann, smiler han.

Kongerolla skal fyllast av Eirik Risholm Velle frå Ørsta. Han var ein av dei tolv i storfilmen «Den 12. mann» og har elles vore og sjå på tv-skjermane i «Heimebane» som Jan Krister Haddal. No vert han kong Olav Tryggvason «Kongens Ring».

  • Eg hadde sett spelet for lenge sidan, og så var eg og såg det igjen i fjor og såg kor mykje som hadde skjedd. Eg hadde høyrt mykje bra om Gerald og tenkte at dette, dette må vere ein bra sommarjobb, så eg tok kontakt.

Og slik kom kongekappa på, og han kan glede seg til ein sommar med det som for han får to høgdepunkt; «Kongens Ring» og fotball-VM.

Positiv utvikling

Gerald Pettersen er den som skal halde hovudet over det heile og drage i alle skodespel-trådar. Regissøren fortel at han bevisst har leitt etter lokale krefter – og funne det. No har fem av hovudrollene i tillegg til han sjølv røter i og tilknyting til regionen.

  • Det er ei kjempepositiv utvikling som har skjedd. Då vi starta i 1992, måtte vi langt for å finne profesjonelle krefter. No finst det både folk som bur i regionen og som kjem frå Søre Sunnmøre. Det er ein styrke og svært gledeleg.

 

I hovudrollene i 2018 finn du:
Kong Olav Tryggvason: Eirik Risholm Velle
Ingolf Ynda: Fredrik Steen
Møre-Karl: Frode Bjorøy
Unn den fagre: Katrine Dale
Inga: Siren Jørgensen
Ragnar Herøyhovding: Bjørn Holum
Kjerring Bråte: Hedvig Garshol
Fe den synske: Eirik del Barco Soleglad

TOP