Ny dirigent

by / onsdag, 06 juni 2018 / Published in Nyhende

Øyvind Granden Berg vert dirigent for vikingmusikalen «Kongens Ring» i 2018. Der skal han svinge dirigentstokken stort kor og stort orkester med 17 musikarar i symfonisk brassbesetning.

«Kongens Ring» skil seg frå andre historiske spel med det store innslaget av levande musikk der mesteparten er skrive av Svein Møller, men med nokre nyare innslag komponert av Henning Sommerro.

Øyvind Granden Berg har tidlegare spelt fløyte i spelet. Han har vore lærar i Herøy kulturskule i mange år, og er no lærar ved musikklinja ved Volda vidaregåande skule og dirigent for Ulstein Storband og Cervix Vocales.

TOP