Nye roller for spel-veteranar

by / tysdag, 12 juni 2018 / Published in Nyhende

Det er eit bra steg frå løve i Kardemomme by til bisp i Kongen Ring, men det er berre å la skjegget gro og la det stå til.

Noko skodespelarkarriere vil ikkje Joakim Eiksund skryte på seg.

  • Men eg er gift. Det er drama heile tida, flirer han.

Han kan fleipe det han vil, men han kan ikkje fleipe vekk at han har mange, mange år bak seg i Herøyspelet; i koret, som hird og som Edmund munk. Så får det heller vere at det er eit stort steg frå løve-rolla på folkehøgskulen til at han no skal ta på bispekåpa i Herøyspelet.

Bispedrakta tek han over etter Morten Gusdal. Han har trakka sine barnesko i spelet og gått frå kongeflagg, til Herøy-barn og herjung før han dei siste åra har vore bisp. Og no blir han stallar, kongen si livvakt.

  • Det blir kjekt å prøve ei fysisk tøffare rolle og få herje litt meir – slik eg gjorde som herjung.

Kristning og krig

Desse to spel-veteranane endar no med å begge vere høgre handa til kongen; bispen, kongens næraste på det andelege planet, medan stallaren starta som stallsjef og enda som hærsjef.

  • Vi er like sterke figurar og roller, men har forskjellig mål der den eine representerer kristninga og den andre krigen.

Om rollene er ulike, så har begge begynt å la skjegget gro , og på plass i Herøy Amfi kan dei også kjenne det kriblar etter å kome i gang.

Fantastisk

Morten fortel at han var med på spelet i lag med far sin. Det er ei oppleving han ønsker å gi vidare til dotter si, så i år er ho også med. Joakim har hatt alle sine fire barn med i spelet i ulike samanhengar.

  • Det er noko av det fine med Herøyspelet, miks av alle folk i alle aldrar. Det er veldig kjekt.

Og så tek dei fram musikken som noko som gjer spelet spesielt bra. Dei mange songane er noko av det dei gler seg til og ikkje minst i år med songaren Bjørn Holum som herøyhovding.

I tillegg kjem alt som skjer rundt sjølve forestillingane, det sosiale, praten og maten før og etter spelet, spenninga ved kor mange folk som kjem, gleda dugnadsånda og over folkelivet på øya er andre element dei tek fram som verdiar ved å delta i spelet.

  • Og så er spelet fantastisk. Har du sett det før, så vil du sjå det igjen, og har du ikkje sett det, så har du ikkje sett nokon ting!
TOP