Hagefest på spel-laurdagen

by / tysdag, 12 juni 2018 / Published in Nyhende

Mat på open eld og levande musikk utover kvelden. Herøyspelet inviterer til hagefest laurdag kveld.

  • Vi har lyst til at folk skal få vere lenge på Herøy og kjenne den gode stemninga, så i år prøver vi oss med ein nyskaping, fortel styreleiar Linn Therese Sævik og styremedlem Arve Voldsund.

Dei har fått Marianne og Hallbjørn Catering med på laget som grillsjefar. Marianne og Hallbjørn Tømmerbakk er godt kjende i lokalmiljøet for god mat og ikkje minst god tapas. No tek dei med seg alt dei kan om gode smakar til øya Herøy og er klare for legge ei lang rekke rettar på grillen.  Vikingribbe passar fint til ein vikingmusikal, og denne får følgje av slikt som spareribs, krydderpølse, argentiske villreker og kebabspyd.

Publikum kjøper seg armband som gjer at dei kan forsyne seg som dei vil utover kvelden. Hagefesten startar straks etter siste forestillinga på laurdag. Då blir bakhagen og etter kvart tunet rigga om, det blir 18 års aldersgrense og dermed blir råd også råd å kjøpe ulike typar drikke til maten.

Sommarens treffpunkt

I tillegg til at ein kan forsyne seg frå gourmetgrill, blir det servert levande musikk. Arve Voldsund tek med kameratgjengen, Vegard Voldsund, Yngve Sævik, Rune Sævik og Jonny Leikanger, og spelar på festen. Dei utgjer eit band som for mange er ganske ukjent – men dei har mange kjente låtar på spelelista.

  • Vi spelar pop frå stort sett heile den moderne pophistoria og håper å vere med på skape god stemning på tunet denne kvelden.

Styreleiar Linn Therese Sævik seier ho gler seg til denne laurdagskvelden og få utvida den gode spelopplevinga med ein hagefest.

  • Vi trur dette kan bli veldig bra med avslappa stemning, god mat og god musikk. Sjølvsagt er vi spente når vi gjer dette for første gong, men vi håper mange har lyst til å kome og ha det triveleg i tunet. Og kanskje kan dette bli sommarens treffpunkt og høgdepunkt for vennegjengen?
TOP