Nedteljing til topp teater

by / måndag, 25 juni 2018 / Published in Nyhende
  • Vi skal gi folk på Nordvestlandet sommarens største teateroppleving med «Kongens Ring». Og i år gler vi oss ekstra til nye opplevingar med vikingleir og kongens hagefest.

Styreleiar Linn Therese Sævik kan sjå utover utescena på øya Herøy der det no endeleg vrimlar av folk. 200 barn og vaksne, musikarar, songarar og skodespelarar er i gang med fellesøvingar og gjer klar for å spele fram dramaet rundt den vakre, men rebelske hovdingdottera Unn og kongen som seinare vart kjent som Olav den heilage, sine forsøk på å temje det opprørske øyfolket.

  • Spelet er berre magisk. Forteljinga og stemninga her ute med utsikt over det veldige Stadhavet, men også idyllen og folkelivet på den gamle handelsstaden der vi i år også byr på masse vikingaktivitetar for barn.

Elise Nærø er koma på plass i amfiet på Herøy på øving.

  • Her blir det mykje nytt, lovar ho. Det er gjort mange grep som er spennande, og så har Bjørn Holum verkeleg vore lyden av Herøyspelet. No blir det heilt annleis, og eg er spent på kva folk vil synest om det.

Bjørn Holum, som gjennom alle åra har vore ein viktig del av lydsporet til «Kongens Ring» er flytta frå rolla som forteljar til Ragnar Herøyhovding. Frå å vere i koret har han no ei av hovudrollene. Han vedgår at han har grudd seg litt.

  • Kvar skal eg stå og kvar skal eg gå og kva skal eg gjere? Men, no når vi er i gang, så kjenner eg at eg gler meg. Dette blir gøy.

Vikingaktivitetar for barn

«Kongens Ring» er mellom dei få Olavspela i landet og vert komande helg, laurdag 30. juni og søndag 1. juli, i år vist for 27. år på rad. Kvart år blir det gjort endringar og teke grep for å utvikle spelet. I år vert det også større forandringar når det gjeld aktivitetane rundt spelet. I tunet på Herøy kystmuseum er det god mat og god stemning gjennom dagen med folkeliv og matsal, men styreleiar Linn Therese Sævik fortel at denne gongen har lagt ekstra vekt på at barna skal ha det kjekt også før og etter spelet.

  • Vi har laga til vikingleir der ein mellom anna kan få lage seg vikingpung, klippe seg dokkelisefigurar av Unn og andre hovudroller i spelet, skyte med pil og boge, prøve seg på arkeologiske utgravingar, sverdleik og balansekunst på kampstokk. Vi byr på nesten tjue ulike aktivitetar og håper barna vil storkose seg.

Møtepunkt for vennegjengen

Om kvelden laurdag, rett etter andre framsyning er slutt, er det tid for «Kongens hagefest». Då inviterer «Kongens Ring» til det ein håper blir sommarens møtepunkt og høgdepunkt for vennegjengen. Det blir gourmetgrill og levande musikk.

  • Denne nyskapinga gler vi oss ekstra til. Det er frå før så god stemning på tunet og i bakhagen på Herøy gard, og når vi fyller plassen med god mat, god musikk og gode folk, så må det berre bli bra. Her kan folk senke skuldrane, rusle rundt, ta ein kikk på sunnmørsjekta – og vite at her, akkurat her, har folk frå heile Sunnmøre møttest gjennom historia. Og no skal vi skape ny historie her. Velkomne!
TOP