Takkar for seg etter 27 år

by / onsdag, 20 mars 2019 / Published in Nyhende

Gerald Pettersen gir seg etter å ha vore regissør for Herøyspelet «Kongens Ring» i 27 år. Dermed må spelet på regissør-jakt for alle første gong i historia.

Gerald Pettersen bur i Bergen og arbeider på den Nationale Scene, men han er også fosnavågar og herøyværing og har vore med på Herøyspelet sidan før det vart eit spel. Heilt frå den første idefasen har han vore med på å prege spelet som sidan 1992 har samla over 60.000 tilskodarar til magien ved Stadhavet.

No, tretti år etter planlegginga starta og etter å ha vore regissør i 27 år og levert 108 framsyningar, takkar han for seg.

Styreleiar i «Kongens Ring», Linn Therese Sævik, ønskjer å takke Gerald Pettersen for den store innsatsen han har lagt ned i Herøyspelet gjennom alle desse åra.

– Gerald har med sin store kunnskap om teater og sin profesjonalitet pusha oss vidare, alltid på jakt etter utvikling og forbetring. Det er vemodig for oss når han no gir seg og det blir rart gå vidare utan han som har drage i trådane på det scenekunstneriske gjennom heile spelet si historie.

Freistande teater

No må spelet på regissørjakt. For aller første gong.

– Ja, det er noko vi aldri har gjort før. Men regissør skal vi finne, vi har alt starta på den jobben, og spel skal det bli, som alltid første helga i juli. «

Ein ny regissør skal halde styr på to hundre personar på scena, barn og vaksne, profesjonelle og amatørar, kor og orkester i tillegg til å få fram historia om hovdingdottera Unn sitt opprør, sitt val mellom plikt og kjærleik, gamal og ny tru.

– Vi har den finaste scena og dei beste folka både på og rundt scena, musikken og eit manus med mulegheiter for å lage teater som rører dei som kjem, og trur dette vil freiste både ein ny regissør og stadig nye besøkande.

TOP