Ny regissør av Kongens Ring på plass

by / onsdag, 20 mars 2019 / Published in Nyhende
Dette blir heilt nytt for oss. Det er klart at det blir annleis, men vi trur også at det vil skape nytt liv og ny energi både i spelet og i apparatet rundt. Vi gler oss, sa styreleiar Linn Therese Sævik då ho møtte Jeff Pedersen.

I sitt 28. år får Kongens Ring ny regissør. Det er teateregissør og sverdkampinstruktør Jeff Pedersen.

Mandag kveld fikk styret og komiteleiarane i Herøyspelet Kongens Ring møte den nye regissøren. Det er Jeff Pedersen, opprinneleg frå USA, busett i Stongfjorden i Sogn og Fjordane. Der bur han saman med Idun Losnegård som er dotter til manusforfattar Rolf Losnegård.

– Eg har høyrt om Kongens Ring i tjue år, ler Pedersen, og no får eg altså sjansen til å vere regissør.

Det er ikkje det første utandørsspelet han skal prege. Han har vore regissør både for Kinnaspelet, Håkonarspelet og Dragseidspelet. Og no legg han også Herøyspelet til CV-en.

Ein snøkledd spelplass gir eit anna bilde enn slik scena er når den er staden for sommarens vakraste eventyr, men Pedersen har ikkje noko vanskar med å sjå mulegheitene, og manuset er alt gjennomdrøfta med svigerfar og manusforfattar Losnegård.

– Eg er så imponert over scena. Både fordi her er så vakkert, men også fordi eg aldri har opplevd eit sceneområdet som er så tilrettelagt for dei som er med som her. Dette er teikn på eit spel som har kontroll.

Den vinterkledde scena og Stadhavet viste seg frå si beste side då den nye regissøren, Jeff Pedersen, besøkte Herøy måndag.

Heilt unikt

Jeff Pedersen gler seg til å sette sitt preg på forteljinga om Unn, Ingolf og Karl, konge og hird, herøyfolk og herjungar.

– Her er ein generasjonskonflikt som eg ikkje har sett i noko anna spel. Det er heilt unikt, og den skal vi jobbe med. Kven eig framtida? Det er eit spennande tema som eg vil ta med inn i spelet.

Noko anna han tek med inn i spelet er kona Idun Losnegård. Ho spelte Kjerring Bråte for nokre år sidan, og styret i Kongens Ring gler seg over å få ønske henne velkomen tilbake.

Jeff Pedersen i spelhuset med manus på bordet fortel om kva planar han har for «Kongens Ring» som har vore vist kvart år sidan 1992. No, i spelet sitt 28. år er han på plass som ny regissør.

Nytt liv

Etter møtet med Jeff Pedersen seier styreleiar Linn Therese Sævik at ho er spent og optimistisk før årets spel.

– Dette blir heilt nytt for oss. Det er klart at det blir annleis, men vi trur også at det vil skape nytt liv og ny energi både i spelet og i apparatet rundt. Vi gler oss.

TOP