Legg puslespelet heilt på nytt

by / sundag, 30 juni 2019 / Published in Nyhende

Brikkane i Herøyspelet vert stokka om og lagt på nytt til ei forestilling der den nye regissøren lovar berg-og-dalbane. Og det betyr intense øvedagar.

Beate Sandvik igesund saman med sønene Benjamin, kristian og Aleksander er klare for eit nytt år og ei ny førestilling. – kjekt å få leike gamle dagar for ei veke, seier Kristian.

Men det er så gøy, seier Benjamin Sandvik Igesund (14). Han er med for sjette gong på spelet og er klar igjen.

Det spennande å vere med og er det kjekt å få leike gamle dagar for ei veke.

Han er med saman med brørne sine Kristian (10), Aleksander (13) og mamma Beate som syng i koret. No er dei og resten av dei snart 200 aktørane i gang med øvingane som skal ende med premiere på laurdag om ei veke.

Styreleiar Linn Therese Sævik gler seg over at dei endeleg er i gang.

Vi har tenkt og planlagt sidan i fjor, men og no er vi omsider i gang og det er så stas å få treffe igjen alle kjekke folka, både gamle kjende og nye som er med. Og så er det noko heilt spesielt med å få lov til å vere i lag om å skape det vi håper og trur skal bli ei fantastisk forestilling.

Eit spennande år

Det blir nye scener, nye folk og nye opplevingar under årets førestilling som har ny regissør for fyrste gong sidan oppstarten i 1992.

Sævik seier det er ekstra spennande i år med nye skodespelarar over heile rekka og ny regissør som verkeleg har lagt brikkane på nytt.

Og så gir vermeldingane oss litt ekstra spenning, men det er visst nymåne på tirsdag og om nokon kan fortelje oss kva det betyr for veret, framover, så vil vi gjerne høyre det!

Regissør Jeff Pedersen har gått ut frå det opprinnelege manuset som vart brukt til første forestillinga i 1992. Derifrå har han bygd ei forestilling som han lovar at publikum vil oppleve som heilt ny.


Vi har gjort store endringar for å skape meir driv i spelet. Vi har skifta rekkefølge på nokre scener, teke vekk noko tekst, det blir meir drama, meir action og meir spenning.

Jeff pedersen vil ha energi i spelet og seier dei må bruke heile kroppen til å vise kva dei kjempar for.
Idun Losnegård og Jeppe Beck Laursen blir årets trollkjerring og Fe den synske.

Vikingleik og vikingleir

Noko av endringane er at Kongens Ring har fått ei heilt ny barnescene. I tillegg møter vi to forteljarar. Kornelia Melsæter får følgje av Olgunn Torvanger som er mora hennar i spelet. Dei skal streke under generasjonskonflikta som er i forteljinga.

Olgunn Torvanger blir medforteljar saman med Kornelia Melseæter.

Olgunn Torvanger har vore med på spelet sidan oppstarten i 1992, og seier det er kjekt både å vere med og få nye utfordringar.


Det er stas å vere med og få lære så mykje av dei profesjonelle som er her, og så er det godt med ei sånn teaterveke som porten til ferien. Eg kjenner meg berre så heldig som får vere med på spelet!

Og Olgunn får også fine bestemor-dagar saman med barnebarnet som er med på scena. Søskenflokkar, familiar og fleire generasjonar av skodespelarar finn ein fleire eksempel i spelapparatet.

Jeff Pedersen har vore regissør mellom anna for Kinnaspelet og Dragseidspelet. o tek han tak i Herøyspelet og vil lage ein heilt ny versjon av Kongens Ring.

I Herøyspel-helga kan publikum få oppleve fire forestillingar av Kongens Ring der med kjærleik, drap og drama, generasjonskonflikt og vikingliv. I tillegg kjem musikken frå stort kor og orkester med sytten musikarar. Utanom spelet er det vikingleir og vikingleik på tunet på Herøy gard der det også blir selt mat og drikk. Søndag er det morgonsong og roing til den den gamle kyrkjetomta der det er gudsteneste. På ettermiddag inviterer ein også til kulturhistorisk vandring i den tusen år lange historia til øya Herøy.

Maja Aspås Teialeret spelar Unn, Magne Håvard brekke er Ragnar Herøyhovding og Kjersti Elvik, kona hans.
Eirik Risholm Velle frå ørsta spelar kong Olav Haraldsson. her er han med følgjet av stallar, bisp og munkar.
TOP