Stallar satsar på spel for 24. gong

by / onsdag, 13 mai 2015 / Published in Nyhende

Veteran: Gjennom heile året ligg Bjørn Stallar i bakhovudet og kviskrar replikkar hos Sigurd Nygård. Og ut på våren seier Bjørn ifrå om at Sigurd må begynne å la skjegget gro. Det er berre å gjere seg klar. FOTO: TORILL MYREN

 

 

Serviceingeniøren i Rolls har heile verda som sin arbeidsplass. Men første helga i juli er det berre ein stad som gjeld.

 

Sigurd Nygard er klar for 24. gong. I 1992 vart han lokka inn som nattevakt, men såg på øvingane og tenkte at dette, det måtte han vere med på. Han fekk på hird-kostymet og var i ei av livvaktene til kongen i ti år. Så rykte han opp til sjef for hirden; Bjørn Stallar, og den rolla har han hatt sidan.

– Bjørn er ein av dei beste kameratane mine, ler han.

Gjennom heile året ligg Bjørn Stallar i bakhovudet og kviskrar replikkar. Og ut på våren seier Bjørn i fråom at Sigurd må begynne å la skjegget gro.  Det er berre å gjere seg klar.

– Det er ei tid ein ser fram til. Det er masse arbeid, men har stor verdi. Å få vere ein del av Herøyspelfamilien er heilt unikt. Vi er i lag. Løftar i lag.

Førstereis-deltakarar  i alle aldrar står på scena saman med profesjonelle skodespelarar.

– Vi treng dei profesjonelle til å løfte oss og kvaliteten, men det er heilt fantastisk å sjå for eksempel barna som er med. Dei gjer ein kjempejobb og spelar så godt. Eg huskar så godt eingong ein av flaggberarane besvimte og datt bak ein haug. Dei som sto igjen stiltra seg så fint til og fylte holromet i rekka.

Det å vere med i Herøyspelet krev innsats. Det er mykje øving, terping og venting. Veka før spelet så er det berre spel.

– Det krever sitt av familiane til dei som er med også. Eg har vore med i alle år og tidvis alle tre døtrene våre. Då er det godt å ha kona som logistikk-ansvarleg. Sjølv om ho ikkje har vore med på spelet, så har ho bidrege på sitt vis også til at dette skal gå.

Når det lir mot slutten av juni er Sigurd – og to hundre andre klare.

– Det er så kjekt å treffe igjen vener og kjente frå året før.
– Er det slik at alt rundt spelet nesten er kjekkare enn sjølve spelet?
– Eigentleg!

Sigurd ler høgt.

– Sjølve spelet er no heilt fantastisk og går andre spel ein høg gang.

Men stemninga og det sosiale rundt spelar også rolle. Ikkje minst i den berømte hirdhola. Mellom forestillingane blir det selt brennsnut til deltakarane, men Sigurd meiner at når ein driv dugnad, så skal ein sørge for gratis mat. Den ivrige jegeren hengde opp ein halv hjort, og i løynd vart det grilla hjort til mat mellom forestillingane nede i hirdhola. Med åra har menyen variert og utvikla seg – og plastpresenningen har vorte eit trebygg der Sigurd har feira både 40- og 50-årsdag og ein stad som er besøkt og brukt av både barnehagar og turgåarar og andre.

Bjørn Stallar har endra seg med åra. Sigurd liker at han er hissig, men meiner Stall-Bjørn har vorte mildare med åra. Etter 24 år i hirden ser Sigurd føre seg at 25. året, neste år, blir hans siste som Bjørn Stallar.

TOP