Herøy – med i den nasjonale kystpilegrimsleia

by / onsdag, 13 mai 2015 / Published in Nyhende

bispHerøyspelet fortel mellom anna om Heilag-Olav og følgjet hans sitt besøk på Herøy og kampen mellom gamal og ny tru. Med tida vart øya Herøy eit kyrkjeleg tyngdepunkt. Foto: Herøyspelet

 

 

Herøy vert no ein del av den nasjonale satsinga på kystpilegrimslei.

 

Fem vestlandsfylke og fire bispedøme står bak når ein vil løfte fram den gamle kystpilegrimsleia til Nidaros. Herøy med si sentrale plassering og rike kyrkjehistorie var ein naturleg stoppestad på denne ferda.

– Herøy var strategisk sett heilt sikkert ein viktig del av pilegrimsferda til Nidaros, seier dagleg leiar ved Herøy kystmuseum, Håvard Hatløy.

 

Pilegrimsvandring og Herøyspel

I juli vert Herøy stoppestad for to pilegrimsvandringar. Den eine er ei om lag veke lang vandring gjennom Sunnmørsleia frå Borgund til Selje og Seljumannamessa. Den andre er ei vandring på Herøy i samband med Herøyspelet. Då kan ein få med økumenisk utegudsteneste på den gamle kyrkjetomta og vandring på Herøy leia av Håvard Hatløy som vil fortelje om øya si historie som kyrkjestad – og kanskje klosterstad? Fleire teikn kan tyde på at det også har vore kloster på Herøy. Til slutt på vandringa er det Herøyspelet «Kongens Ring» der to hundre aktørar dramatiserer Olav den heilage sitt møte med herøyværingar og herjungar og hans forsøk på å lære dei om den nye trua.

– Vi gler oss over å få vere ein del av kystpilegrimsleia på denne måten, seier styreleiar i Herøyspelet, Robert Voldnes. Herøyspelet handlar om brytningane mellom ny og gamal tru, og spelet foregår på ei øy med ei rik kyrkjeleg historie. Det gir spelet ein sjølvsagt plass i leia til kystpilegrimane.

 

Kulturminnedagane

Det vert også lokal vandring til hausten i samband med Kulturminnedagane.

Herøy kommunestyre har no vedteke at Herøy skal ha ei synleg rolle i satsinga og at Herøy gard skal vere fyrtårnet for den lokale satsinga på Kystpilegrimsleia.

Ordførar Arnulf Goksøyr seier ei slik satsing vil vere svært positiv for regionen. Herøy ligg nær Selja som i tillegg til Nidaros er dei viktigaste pilegrimsmåla. Pilegrimsturar er eit godt etablert konsept, også internasjonalt.

– Eg trur mange ønskjer å bruke ei etablert vandring i norsk natur som frå før er kjent langt utover landegrensene. Det er også grunn til å tru at talet på pilegrimar vil auke fram mot 2030 og tusenårsmarkeringa av Heilag-Olav sin død.

 

Ei djupare oppleving

Ein ønskjer å etablere Kystpilegrimsleia som ei samanhengande reiserute langs kysten. Bruk av leia skal fremje kunnskap om historie, kulturminne, miljøforståing, fysisk aktivitet og folkehelse samt tilrettelegging og bruk av kulturarv. Ein ønskjer også å gi ei djupare oppleving av kysthistorie, pilegrimstradisjonar, kyrkjehistorie og den kristne trua i tillegg til å vise fram kulturhistoria. Satsinga er både nasjonal og internasjonal. Nokre av pilegrimsrutene i Europa vert gått av fleire hundre tusen pilegrimar kvart år og pilegrimsturismen vert stadig meir populær.

 

Kommunen som medspelar

Ordførar Arnulf Goksøyr seier kommunen vil vere med å bidra til at måla for prosjektet Kystpilegrimsleia vert nådd.

– Vi vil vere ein medspelar i prosjektet og ønskjer at Herøy skal vere ein aktiv part i å legge til rette for utvikling av næringsverksemd knytt til Kystpilegrimsleia, fremje kulturminne og lokalhistorie for så å bruke dette i reiselivssamanheng, bruk og vern av den lokale kulturarven og tiltak som styrkar folkehelsa.

prest

Heilag-Olav møtte ikkje berre velvilje på misjonsferda. Foto: Herøyspelet

TOP