Frå Kongens nei til Kongens Ring

by / tysdag, 19 mai 2015 / Published in Nyhende

DSC_7769Kong Olav Haraldsson (Audun Sandem) i strid mot onde krefter. Foto: Odd Magne Kvalsund

 

Tekst: Torill Myren

Både den nye Herøyhovdingen og regissøren av Herøyspelet kjem frå innspeling av neste års storfilm; «Kongens nei».

 

Rollekabalen for Kongens Ring er no på plass, og ein har fått til ei god blanding av erfaring og friskt blod.

Mellom dei nye på rollelista er Ketil Høegh. Han er til dagleg tilknytt Hålogaland teater både som skodespelar og regissør, men er for tida på ei mengde tv-skjermar på ny-visinga av Himmelblå. Neste år blir han å sjå på kinolerreta i storfilmen «Kongens nei». Erik Poppe har regi på filmen som tek føre seg dei første dramatiske dagane då Tyskland invaderte Norge og kong Haakons nei som gav retning for Norges veg vidare under krigen. Under innspelinga arbeidde han i lag med Herøyspel-regissør Gerald Pettersen, og slik vart kontaktar knytte og ein ny Herøyhovding headhunta.

Ketil Høegh har mellom anna regissert det største utandørsspelet i Nord-Norge, Steigenspelet, og seier det skal bli artig å jobbe med Herøyspelet.

– Slike spel er samhald og dugnadsånd, det er samspel mellom amatørar og profesjonelle, og eifin sommarhending som ein gjer i lag. Det tiltalar meg.

 

Ny trollkjerring
Kjerring Bråte skal spelast av Idun Losnegård. Ho er tilsett ved Sogn og Fjordane Teater og har i tillegg rik utespelerfaring.

– Det er ingenting som å stå på ei utescene og rope mot naturkreftene, ler ho.

Idun Losnegård er dotter til manusforfattar Rolf Losnegård.

– Far seier lite og har passa seg for å blande seg inn, men eg skal spørje og det er gull verd å høyre kva som er hans tanke og intensjon med rolla. Og då han høyrde eg skulle vere Kjerring Bråte, så sa han «Ja, den rolla er kjempegod!».

Som Unn får vi i år møte Ingrid Megård Sæter. Ho ernyutdanna og vedgår at ho har aldri sett Herøyspelet.

– Men eg gler meg kjempemasse. Eg har høyrt masse om spelet frå Heidi Ruud Ellingsen som eg spelte i Lady Arbuthnott i lag med. Ho fortalt at det er av det flottaste ho har fått lov til å vere med på..

 

Bergensbanden
I tillegg til desse tre nye i Herøyspelfamilien kjem ei solid rekke av Herøyspel-erfaring frå Den Nationale Scene i Bergen.

Fe

Fe den Synske (Bjørn W. Andersen) Foto: Mariann Skorpen Berge

 

Kongen, Audun Sandem, er med for andre gong i år. Over ein million tv-sjåarar opplevde han i «Kampen om tungtvannet» i vinter. No skal han kjempe med opprørske herjungar på Herøy amfi. Frode Bjorøy har tidlegare vore Ingolf Ynda i mange år. I år skal han svinge sverdet som Møre-Karl. Eirik del Barco Soleglad blir Ingolf Ynda for andre gong, medan Bjørn Willberg Andersen er superveteranen mellom dei profesjonelle skodespelarane og fyller rolla som Fe den synske for sekstande gong. Hedvig Garshol som Inga er også med å gi spelet kontinuitet.

Herøyspelet vert vist første helga i juli på Herøy amfi.

 

OM SPELET:
Hovdingdottera Unn er forlova med Ingolf. Han er av rette folket, Herøyfolket, og utpeikt av foreldra tilUnn som komande svigerson. Ei vakker vårnatt rømer Unn frå plikt og tvang og inn i kjærleiken og kjærasteforhold med opprøraren Møre-Karl.

Inn i striden kjem Olav den Heilage og spør kven som har styrken til å ta på seg kongens ring?

Herøyspelet har gått første veka i juli kvart år sidan 1992. På scena myldrar det av 200 profesjonelle og amatørar, skodespelarar, kor og orkester som jobbar i lag for å gi publikum ei tidsreise og ei teateroppleving, spel og drama. «Kongens ring» har heile vegen lagt vekt på å halde kvalitet i musikken og spelet, kostymar og sminke, roller og regi.

Spelet vert vist i Herøy amfi som ligg på sagaøya Herøy der folk har samla seg i hundrevis av år både fordi øya har vore eit kyrkjeleg senter og etter kvart også handelsstad.

Herøy kystmuseum tek i dag vare på bygningar og historie, og arbeider med å vise fram Herøy Gard som ein handelsstad frå 1800-talet. På denne delen av øya Herøy, midt i tunet på den gamle handelstaden, driv Herøyspelet sin handel av billettar og effektar, mat og drikke. Rømmegraut, vaflar og fiskekaker er klassisk og god spelmat.

Med eit besøk på Herøy og Herøyspelet kan ein oppleve historia gjennom tusen år.

Herøyspelhelga kjem du til Herøy med tilrettelagt buss- og båtskyss.

Meir om tider, prisar, transport og så vidare finn du på wwww.heroyspelet.no

TOP