«Du har ikkje sett nokon ting om ikkje du har sett Kongens Ring»

by / onsdag, 17 juni 2015 / Published in Nyhende

eliasoganthony2

Viking-brøla gjallar ut over bygda. På plenen blir det utkjempa harde slag medan replikkar frå Herøyspelet smell i lufta.

Elias Leinebø (snart tolv) og Anthony Leinebø (snart tolv) er gode naboar øvst i Leinebygda og kollegaer i Herøyspelet. Dei har tenestegjort for Herøyspel-kongen som flaggberarar fleire gongar og har kjent at dei har vore ein viktig brikke i spelet.

– Det kan ikkje vere ein stor landsby berre med ein høvding og dottera hans. Og ein konge utan vakter og flaggberarar hadde verka litt teit.

I år skal dei to flaggberarane over i nye roller som Herøy-barn. Det betyr tilpassing av nye grå og grøne kostymar – og innøving av nye steg og posisjonar,  dans og handlingar.

– Vi øver no på det mange gongar, og så klarer vi det etter kvart.

 

EliasogAnthonysomflaggberarar


Spenning og dramatikk i Herøyspelet

Elias og Anthony gler seg til spelet og øvingskveldane før spelet. Det er møte med nye folk, kjekke stunder bak scena – og premierefest for barna. Der er det både pizza, raud løpar og autografjakt i møte med dei profesjonelle skodespelarane. Og så kjem sjølve dagen. Premieren. Kanskje summar det frå opp mot tusen folk i amfiet. Bak haugar og hus på spelplassen gøymer skodespelarane seg. Det blir ønskt velkomen. Den første fløytetonen smyg seg over scena. Og spelet er i gang.

– Då er det litt skummelt. Og spesielt før første forestillinga, seier Elias.

– Ja, då har eg sommarfuglar i magen, fortel Anthony.

– Men utover spelhelga så vert vi litt meir vande med at folk ser på oss.

Og at det er verd å sjå på spelet er gutane ikkje i tvil om.

– Men det er litt skummelt, og kanskje bør dei minste ha ei jakke eller noko dei kan gøyme seg litt bak, og så ha med seg nokon vaksne som kan fortelje dei at det som skjer på scena kun er på liksom.

For det er drama i Herøyspelet, men også kjærleik og leik.

– Vi gler oss til å få vere Herøy-ungar. Det er litt meir som skjer for dei enn for flaggberarane.

eliasoganthony3kvadrat


Alle burde sjå Kongens Ring
Elias og Anthony har kontroll på både replikk og musikk – ein musikk som ikkje er av slaget dei høyrer på til vanleg.

– Men det også er ein del av moroa.

Favorittane til Elias og Anthony er Møre-Karl og Ingolf. Alt etter kvar i spelet ein er.

– Først liker vi Ingolf best, men så Møre-Karl meir og meir.

Kanskje blir dei to nesten-tolvåringane herjungar og med i flokken til Møre-Karl om nokre år. Dei er iallfall meir enn begeistra for spelet.

– Alle burde kome å sjå spelet. Det er veldig topp og så får ein vite korleis det var for tusen år sidan. Ein kan ikkje berre sitje å vere datanerdar heile sommaren, men heller kome på spel. Du har ikkje sett nokon ting om ikkje du har sett Kongens Ring.

TOP