Eit årleg sogespel

Herøyspelet «Kongens Ring» er eit sogespel som årleg vert framført på «sagaøya Herøy» i Herøy Kommune på Sunnmøre. Sidan musikken og songen har så framtredande roller, vert spelet med rette kalla «Vikingmusikalen i havgapet» og til og med «verdas vakraste vikingmusikal». Dette er vi stolte av.

Spelet har ei varigheit på 1,5 time. Bak oppsetjinga står Stiftinga Herøyspelet, i si tid oppretta av Herøy kommunestyre, no eiga stifting.

Omgrepet «sagaøya Herøy» kjem som følgje av den vesle øya si lange og spanande historie som kyrkjestad, gravstad, handelsstad, avrettarstad, møtestad m.m. Øya er også eit ettertrakta rekreasjonsområde for innbyggarar i Herøy og komunene i kring.

Øya husar i dag også Herøy Kystmuseum/Herøy Gard som kvart år er base for spelet. Herøy Kystmuseum får årleg besøk av mange turistar såvel norske som utanlandske, og er vel verdt eit besøk.

Aktørane i Herøyspelet er mange. Kring 200 aktørar er i sving på sjølve sceneområdet, medan kring 150 personar arbeider i støttefunksjonar.

Herøyspelet er såleis ein av dei største faste kulturdugnadane i vår del av landet, noko vi i stiftinga er svært stolte av.

Åtte av hovudrollene vert tolka av profesjonelle skodespelarar. Profesjonelle er også regissør, lydfolk, dirigent, sminkeansvarleg og kostymeansvarleg, i tillegg til dei fleste av musikarane i orkesteret. Dei fleste i koret er aktive med korsong også elles om året. Resten av aktørane er «glade amatørar» frå heile søre Sunnmøre.

I det store og heile kan det hevdast at Herøyspelet «Kongens Ring» er ein svært profesjonell produksjon, noko som dei profesjonelle skodespelarane til stadigheit gjentek.

I 2016 feirer vi vårt 25 års jubileum, i seg sjølv fantastisk når ein tenkjer på at det er dugnadsånda som har gjort og gjer at spelet lever!

I desember 2010 vart Herøyspelet tildelt Herøy Kommune sin KULTURPRIS!

Begrunninga er m.a. «at spelet i mange år har vore ein institusjon i kulturlivet i Herøy, og bind saman folk frå heile kommuna, og også frå distriktet rundt. Der er plass til gamle og unge, frå begge kjønn, for folk med psykisk utviklingshemming og folk med annan etnisk bakgrunn. I tillegg held spelet ein svært høg kvalitet både på det kunstnariske og den praktiske gjennomføringa».

Stiftinga Herøyspelet er stolte av kulturprisen, og takkar komiteen for utmerkinga. Vi vil samtundes gratulere og takke alle aktive støttespelarar, sponsorar og hjelparar for innsatsen gjennom alle desse åra. Det er «dugnadsånda» frå dei mange som gjer at spelet framleis lever etter 25 år.

Vel møtt til Herøyspelet "Kongens Ring" - alltid første helga i juli !
TOP