Bakgrunnen for Herøyspelet

Bakgrunnen for Herøyspelet «Kongens Ring» skriv seg frå slutten av 1980-talet. Den kulturinteresserte Herøyværingen Roald Sporstøl og kona Inger Liv var på tur og såg Kinnaspelet. Når spelet var ferdig tok han kontakt med ein av skodespelarane, Herøyværingen Gerald Pettersen. Samtala gjekk etterkvart over på om dei ikkje burde gjere alvor av eit sogespel også i Herøy. Dette hadde vore oppe som tema nokre gongar før i kulturlivet i kommuna. Karane var samde om at det burde ein prøve å få til.

Sporstøl fekk so med seg ein annan kulturinteressert Herøyværing, Arnljot Grimstad. og desse arbeidde vidare med prosjektet. Desse to i lag med skodespelar Gerald Pettersen drog då i gong ein prosess der også dåværande kulturkonsulent i Herøy, Bjørn Holum fekk spele ei viktig rolle.

Styre vart skipa og komitear kom i arbeid. Etter kvart vart dramatikaren Rolf Losnegård hyra inn for å skrive manus, og utflytta Herøyværing Svein Møller fekk i oppdrag å skrive musikken.

Gerald Pettersen tok frå starten av på seg rolla som regissør, ei rolle han har framleis, og Bjørn Holum fekk rolla som forteljaren, forsongar og korleiar. Desse rollene han har framleis.

Første framsyning var sommaren 1992 etter mykje dugnadsarbeid for å lage til eit høveleg amfi og sceneområde. Leseprøver og eit stort kostymearbeid hadde pågått heile våren. I det heile teke vart det lagt ned eit enormt arbeid frå mange for at Herøyspelet kunne verte ein realitet.

Framsyningane vart godt mottekne av publikum og har gått kvart år sidan.

Sjølv om manuset ligg fast, sørger regissør Gerald Pettersen for at det kvart år vert gjort litt endringar, slik at spelet er i konstant utvikling.

TOP