Handlinga i Herøyspelet

Handlinga i Kongens Ring baserer seg på ei hending som er nemnd i «Snorre».

I kapittel 142 i soga om Olav den Heilage sitt besøk på Herøy står følgjande:

Om våren laga kongen seg til avferd frå Nidaros, og det samla seg mykje folk til han både der frå Trondheimen og nordantil landet. Då han var reidug til å fara, for han fyrst med hæren sin sør til Møre og samla leidangsfolk både der og frå Raumsdal. Og so for han til Sunnmøre. Han låg lenge på Herøyane og venta på mannskapet, og heldt jamleg husting, for det komt mangt for øyro hans som han tykte trong rådleggjing.

På eit husting han hadde, heldt han ei tale og tala om dei mennene han hadde mist på Færøyane. «Men skatten som dei lova,» sa han, «kjem ikkje fram. No er eg meint på å senda folk dit att etter skatten». Kongen slo frampå til fleire at dei skulle taka på seg denne ferdi, men alle i hop svara det same og bad seg unnan ferdi.

Då stod det opp ein stor og drusteleg kar på tinget. Han hadde raud kjole og hjelm på hovudet og sverd i beltet, og stort hoggspjot i handi. Han tok soleis til orde «sant å segja» sa han «er det stor skilmon på folk. De har ein god konge, men han har låke karar. Når de segjer nei til ei sendeferd som han byd dykk, endå de har fått venegåvor av han og mange heidersteikn. Men eg har til no ikkje vore ven med denne kongen , og han har vore uvenen min med, og han segjer han har grunn til det. No vil eg bjoda deg konge, at eg skal fara denne ferdi om ingen likare finnst». Kongen svara; «kva er dette for ein gasta kar som svarar på tala mi? Du fer skam på dei andre som er her, når du byr deg å fara, men dei drog seg unnan som eg tenkte, skulde teke gjerne mot det. Men eg kjenner deg ikkje, og veit ikkje namnet ditt».

«Namnet mitt er det ikkje vadt med», svara han, «du har nok høyrt gjete meg, er det von; eg heiter Karl Mørske». «Det er sant, Karl,» sa kongen, «eg har høyrt gjete deg før, og at det er ikkje betre å segja det har vore dei tidene at om me hadde råkast, skulde du ikkje fått sagt tidend om det. Men no vil eg ikkje være låkare enn at du, so du byd meg hjelpi di, skal hava takk og ære. DU skal koma til meg Karl, og væra i gjestebodet mitt i dag.; då skal me talast ved om dette». So skulde det væra, sa Karl.

Vi kan avsløre litt av handlinga:

Vi er på den vesle øya Herøy ein sommardag i 1027. Ragnar Herøyhovding og kona hans Inga har valgt ut Ingolv Ynda som festarmann til dottera deira, Unn (den fagre). Ho er i rett alder for giftarmål, men forsvann ei vårnatt frå øya. Truleg er ho bortførd av rebellen Møre Karl, også kalla «Karl Mørske», og gjengen hans Herjungane. Desse rebellane er ungdommar frå Herøy som er mest opptekne av å reise rundt i distriktet og herje.

Ut på hausten same året kjem Møre Karl, Unn og Herjungane attende til Herøy for å herje. Gleda over å sjå att Unn vert kortvarig grunna herjingane. Samstundes vil festarmannen også gjere krav på festarmøya si. Unn vert usikker på kven ho vil velje av friarane, men Møre Karl vil uansett ein gong for alle vise kven som skal ha Unn, og det kjem til holmgang mellom beilarane. Grunna herjingane og etter foreldra si meining – val av «feil mann», vert det også splid mellom Unn og foreldra, då særleg med mora – den sterke og stolte Inga.

Midt i dette dramaet kjem sjølvaste kong Olav Haraldsson «Heilag Olav» med sine skip og hærmenn til øya. Han klarer å stoppe holmgangen, og lyser deretter til ting i Herøy. I lengre tid har det vore konflikt mellom kongen og hans verste uvenn på Møre – Møre Karl. Kan endeleg kongen no få satt ein stoppar for herjingane hans, og samstundes få Herøyfolket til å tru på Kristus?

Midt opp i alle utfordringane på Herøy og bråket mellom kongen og Møre Karl, kjem det fram at kongen også har problem med å drive inn skatten på Færøyane. Dette får vi vite då det dukkar opp nokre merkelege sendebod. Ein ring, kongens ring, spelar her ei viktig rolle. Kva slags makt ligg det i denne ringen?, og har sendeboda skumle baktankar?

Etter mykje om og mén vert Møre Karl utnemd som kongen sitt nye sendebod til Færøyane. Etter kongen si meining er dette ei høveleg straff for alt Møre Karl har stelt i stand.

  • Karl vil ha med seg Unn på reisa, men blir ho med?
  • Vil Møre Karl kome attende frå Færøyane?
  • Kven vil Unn velje?
  • Korleis går det med forholdet mor og dotter?

Einaste måten å få vite dette på, er å møte opp i Herøy Amfi – alltid den første helga i juli.

Vel møtt!
TOP