Årets program - 2017

LAURDAG 1. JULI

  • Kl. 13:30 Framsyning vikingmusikalen Kongens Ring
  • Kl. 17:00 Framsyning vikingmusikalen Kongens Ring

SØNDAG 2. JULI

  • Kl. 13:30 Framsyning vikingmusikalen Kongens Ring
  • Kl. 17:00 Framsyning vikingmusikalen Kongens Ring

Framsyninga varer ca. 1,5 time.

Folkeliv og god mat på spelkafeen

I dei vakre omgjevnadane ved Herøy Gard er det alltid duka for folkefest i samband med Herøyspelet. Kva med å nytte høvet til å smake på den gode rjomegrauten vår?

Elles er det sal av både pølser, kaffe, is og brus. Kafeen er open under heile spelhelga. Eiga salsbod for vikingeffektar, t-skjorter, musikk etc..
I staden for å stresse avgarde til båten, er det mange som roar ned og kosar seg med mat og drikke på garden.

Den økumeniske gudstenesta vert halden på kyrkjetufta til mellomalderkyrkja frå 1100-talet. Den gamle gravstaden og steinmurane etter nye kyrkja frå 1880-talet er like ved. Ulike kyrkjesamfunn tek del.

Heile øya osar av sogesus og har ei svært spanande og lang historie.

Båt og buss går kontinuerleg i spelhelga.

TOP