Herøy Amfi - spelstaden på Herøy Gard

Foto øvst på sida: Kristoffer Nærø Ytterland

Herøy Amfi er bygd spesielt for Herøyspelet og på dugnad av folka i spelet.

Tribunene, laga av halvskóre tømmer, gjev sitjeplassar til omlag 1000 personar.

Amfiet har fleire faste installasjonar, d.v.s. hus som er oppført i «vikingstil». Dei er bygd etter teikningar av arkitekt Roald Sporstøl og scenograf Even Børsum.

Husa ramar inne amfiet på ein måte som gjer at publikum får kjensla av å sitje midt inne i vikinglandsbyen frå 1027. Samstundes har husa viktige, praktiske funksjonar under spelet.

Til spelet i 2001 vart det bygd to nye hus; eit hovdinghus og eit longhus. Dei andre husa er også bygd slik at dei passar inn i tidskoloritten.

Rullestolbrukarar skal kunne kome seg vel fram på vegen frå Herøy Kystmuseum til amfiet. I samband med spelet er det sett opp tilbod om særskilt transport for rørslehemma.

Teleslynge er installert i øvre del av amfiet. Dette gjev gode lydforhold for heile publikum. Ved behov for teleslynge, ta kontakt med ein av våre funksjonærar når du kjem til amfiet.

TOP