Transport til og frå Herøyspelet

Herøyspelet «Kongens Ring» har framsyningar i Herøy Amfi, på øya Herøy som er landfast med ei lita bru. Base for spelet er vakre Herøy Gard/Herøy Kystmuseum. Herøy Amfi er yst ute på øya med utsikt vestover mot storhavet. Tilkomst for publikum og aktørar skjer med båt- og busstransport.

BÅTTRANSPORT

Det går gratis båt til Herøy Gard frå Mjølstadneset. Det er noko av sjarmen å kome til Herøy med båt. Kanskje akkurat slik som Ragnar Herøyhovding gjorde.

LAURDAG:

  • Frå Mjølstadneset: kl. 10.00
  • Båten går deretter i skytteltrafikk.

SØNDAG:

  • Frå Mjølstadneset: kl. 10.00
  • Båten går deretter i skytteltrafikk.

Parkering ved båttransport:

  • Skilta parkering og båttransport på Mjølstadneset.
  • Fylgj riksveg 654 mot Fosnavåg. Ta av mot Mjølstadneset.
  • Parkering og transport er godt skilta. Vi har parkerings- og kaivakter!


BUSSTRANSPORT

Det går gratis buss til Herøy Gard frå Stokksund skule.

LAURDAG:

  • Frå Stokksund skule: kl. 10.00
  • Buss går deretter i skytteltrafikk.

SØNDAG:

  • Frå Stokksund skule: kl. 10.00
  • Buss går deretter i skytteltrafikk.

Parkering ved båttransport:

  • Parkering ved Stokksund skule/Indre Herøy Kyrkje.
  • Fylgj riksveg 654 forbi Tjørvåg mot Fosnavåg. Fylgj skiltinga.
  • Parkering og transport er godt skilta. Vi har parkeringsvakter.


BUSS FOR RØRSLEHINDRA

Dei som ev. kan køyre til øya med eigen bil, men treng assistanse for å kome seg vidare ut på spelplassen, kan få løyve til parkering ved øya, og då ev. bli skyssa ut til spelplassen med vår bil. Om du tek kontakt nokre dagar på førehand plar det alltid ordne seg. Meir info kjem!

Der er ikkje plass til å køyre handicap-buss heilt ut til spelplassen. Men vegen ut er asfaltert, og er fin å trille på for t.d. rullestol.

Ved spørsmål, kontakt transportansvarleg Otto Sandvik, Mob: 900 41 197

MED EIGEN BIL

  • Frå Ålesundsområdet: via Fergesambandet Sulesund–Hareid, mot Fosnavåg
  • Frå sør: via fergesambandet Koparnes–Årvik, mot Fosnavåg
  • Frå Ørsta–Volda: Eiksundsambandet, mot Fosnavåg

MED FLY

  • Næraste flyplass er Volda/Ørsta lufthamn Hovden
  • Ein kan og kome via Ålesund lufthamn Vigra og bil vidare.

MED HURTIGRUTA

  • Hurtigruta stoppar ved Torvik, 10 minutt med bil frå Herøy Kystmuseum.

Meir informasjon
Ved spørsmål, ta kontakt med styreleiar Tor Sindre Steinsvik på tlf: 970 77 209.

Velkomen til Herøyspelet "Kongens Ring"!
TOP