Nøkkelpersonar

GERALD PETTERSEN

GERALD PETTERSEN

Regissør
Rolleansvarleg for profesjonelle

Fødd og oppvaksen i Fosnavåg. Ein av gründerane bak Herøyspelet, og regissør sidan starten. Han har 35 års jubileum som skodespelar og har vore fast ved Den Nationale Scene i Bergen sidan 1992. Merittar: Har tidligare vore tilsett bla. ved Sogn og Fjordane Teater, Det Norske Teatret, Trøndelag Teater, Hordaland Teater og Riksteatret. Gerald har vore med på det meste: Klassiske skodespel, musikalar, moderne dramatikk, revyar, cabaretar, danseframsyningar osv. Har vore med i filmar og TV-seriar. Blir i september kinoaktuell i filmen "Kongens nei".

SVEIN MØLLER

SVEIN MØLLER

Musikk

Svein Møller (1958-99) var fødd og oppvaksen i Herøy. Han var utdanna organist, og arbeidde ei årrekkje som kantor i Nordstrand menighet, Oslo. Svein Møller var ein særs produktiv komponist, med alt frå salmetonar til scenemusikk på merittlista. Verk frå hans rikhaldige produksjon er mykje nytta i konsertsalar og kyrkjer rundt om i landet. Verket som vart brukt til inngongsmusikk i prinsesse Märtha Louise og Ari Behn sitt bryllaup, var Svein Møller sin komposisjon Eg er glad.

ROLF LOSNEGÅRD

ROLF LOSNEGÅRD

Manus

Fødd i Hyllestad i 1946, bur i Vårdal, Askvoll kommune. Han har jobba i NRK, som lærar i ungdomskulen, som dramaturg/manuskonsulent ved Sogn og Fjordane Teater, Riksteateret og Hordaland Teater, og som leiar i Norske Dramatikeres Forbund. For tida er han frilans dramatikar, forfattar og teaterinstruktør. Han har gitt ut ei rekkje bøker, og har skrive skodespel som m.a. er oppførde på Sogn og Fjordane Teater, Hordaland Teater, Riksteateret og Agder Teater.

ROALD SPORSTØL

ROALD SPORSTØL

Scenografi

Roald Sporstøl (1942-2016) var fødd og oppvaksen i Herøy. Han var arkitekt (MNAL) og partnar i - Sporstøl Arkitekter AS, Ulsteinvik. Han arbeidde med planlegging av bygg innanfor dei fleste kategoriar, mellom anna fleire kulturbygg. På fritida var han i meir enn 35 år vore aktiv innafor kulturminnevernet, med styreverv i Herøy kystmuseum, Sunnmøre museum og Fortidsminneforeninga - lokalt og sentralt. Roald Sporstøl var ansvarleg for restaureringa av Herøy gard. Han har og i mange år delteke aktivt i ulike lag og organisasjonar, ikkje minst innafor kulturlivet. Roald Sporstøl mottok «Kongens Fortenestemedalje» i 2014.

EVEN BØRSUM

EVEN BØRSUM

Scenografi

Arbeidet som scenograf siden 1995. Hatt scenografioppdrag ved de fleste norske scener, tidvis også kostyme- og lysdesign. Av produksjoner kan nevnes: Hamlet (National-theatret), Kong Lear, Romeo og Julie og Spelemann på taket (Den Nationale Scene), As you like it og Jungelboka (Det Norske Teatret), Rent og West Side Story (Trøndelag Teater), Det tusende hjerte (Rogaland Teater) og Oslo Nyes West Side Story, Manndomsprøven og Elektra. Han har bistått Roald Sporstøl med scenografi av utescena, særleg husa på spelplassen, og tilpassing i terrenget.

EINAR DAHL

EINAR DAHL

Kostymer

Einar Dahl avslutta scenografistudiane sine i Krakow i Polen i 1975. Etter det tok han til som scenograf og kostyme-designar på Det Norske Teatret i 1976 før han vart fast tilsett på Riksteatret der han arbeidde fram til 1995. Han har vore scenograf til over 100 framsyningar av svært ulik karakter. Einar Dahl har mellom anna laga scenografi og kostymer til Teatret Vårt si framsyning Som snytt ut av nesa, og til utandørsspela Kirkesølvet i kyrkjeruinane i Maridalen ved Oslo, Guds gjøglere i domkyrkjeruinane i Hamar og En Møydom på Slottsfjellet i Tønsberg. Einar Dahl har òg sjølv sett i scene fleire framsyningar.

TORUNN LØKEN

TORUNN LØKEN

Sminke

Torunn Løken er profesjonell sminkør, og er busett i Oslo. Ho var i 15 år på Det Norske Teatret i Oslo der ho var dagleg leiar for sminkeavdelinga i 5 år. No er ho free-lance, og har hatt store oppsettingar som Sound of Music med Sissel Kyrkjebø, Hello Dolly med Wenche Foss, Private Lies med Toralv Mausratd og Liv Ullmann. Peer Gynt med Gerald Pettersen, og mange andre. Ho held kurs i sminking på skular og teaterlag, og på Norsk Revyfestival på Høylandet. Ho har og hatt sminke-ansvaret for dei store sogespela Mostraspelet og Kinnaspelet. Dette er Torunn Løken sitt 22. år i Herøyspelet.

NILS MAGNE ABELSETH

NILS MAGNE ABELSETH

Dirigent

Nils Magne Abelseth er busett i Sandøy kommune. Han arbeidde som kulturskulerektor i 14 år før han vart ordførar i 8 år. I dag er han tilsett som Einingsleiar/rektor for grunnskulen i kommunen. Nils Magne har dirigert og dirigerer mange av dei beste amatørkorpsa i fylket og er aktiv som dommar i musikkonkurransar på alle plan. Han var leiar for musikkdommarskulen i Surnadal i 15 år. I år dirigerer han Herøyspelet for 17. gong.

TOP