Billettar
Sesongen 2013.
Salet av billettar tek til ca. ein månad før spelet
Billettsalet foregår for det meste på Herøy Gard/spelplassen når publikum kjem til framsyningane.
I billettbuda på Herøy Gard (ved spelplassen) har vi betalingsterminal for kort og uttak av kontantar.
Grupper over 10 personar får rabatt. Dette ordnast i billettbuda ved spelplassen.
Ring gjerne dagleg leiar på tlf. 926 69 478 ved spørsmål om dette.
Når du kjem til øya med båten er det enkelt å kjøpe billettar. Våre billettørar går også omkring der folk kjem. Ein treng difor ikkje å stimle seg saman ved billettbua for å kjøpe seg billettar.
Amfiet har plass til over 1000 personar. Der er plass for alle som vil på spel !
BILLETTPRISAR 2013
Vaksne: kr 300
Honnør: kr 250
Born: kr 150
Herøyspelpass: kr 400/250 (7-16 år).
Obs ! Halv pris for borna på siste framsyning søndag !
Herøyspelpass: Med dette kan du sjå alle framsyningane om du vil!
Tilbodet er meint som ein honnør til våre aller ivrigaste tilskodarar. Passet kan kjøpast i billettluka på spelet. Det vert utstedt med namn, og skal visast fram saman med gyldig legitimasjon.
Bilettar på Internett;
Frå ca. ein månad før kan du gå inn på www.billettservice.no
Ver obs på at siste dagane før spelet vert dette automatisk stoppa av praktiske årsaker. Billettar vert då å få kjøpt på spelstaden.
Det er ikkje nummererte plassar og der er plass til alle som vil sjå !
Er billettsalet slutt på internett, er det uansett berre å møte opp !
SPELPROGRAM 2013
LAURDAG 06. JULI:
Kl. 13:30 Framsyning vikingmusikalen Kongens Ring
Kl. 17:00 Framsyning vikingmusikalen Kongens Ring
SØNDAG 07. JULI:
Kl. 11:00 Økumenisk gudsteneste på Herøy gamle kyrkjetuft
Kl. 13:30 Framsyning vikingmusikalen Kongens Ring
Kl. 17:00 Framsyning vikingmusikalen Kongens Ring
Teleslynge i amfiet
Tilrettelagt for rullestol - ta kontakt ved behov for handicaptransport til spelplassen telefon 900 41 197 (Otto Sandvik).
Velkomen til Herøyspelet "Kongens Ring" !

