Transport
Herøyspelet "Kongens Ring" foregår på øya Herøy som er landfast med ei lita bru.
Base for spelet er vakre Herøy Gard/Herøy Kystmuseum.
Sjølve spelplassen (Herøy Amfi) er yst ute på øya med utsikt vestover mot storhavet.
Då parkeringsplassen ved øya er for liten til å ta i mot store mengder med publikumarar, vert det alltid sett opp ein gratis fellestransport frå to parkeringsplassar i nærleiken.
Denne fellestransporten gjeld både aktørar og publikum - til og frå øya.
Dette apparatet har fungert i 21 år og er ein del av sjarmen med Herøyspelet.
Det vert sett opp fellestransport frå desse stadane;
GRATIS BÅTTRANSPORT
Det går båt til Herøy Gard frå Lanternen Marina og Mjølstadneset.
Båten går i skytteltrafikk mellom Mjølstadneset - Herøy Gard - Lanternen Marina. Det er noko av sjarmen å kome til Herøy med båt. Kanskje akkurat slik som Ragnar Herøyhovding gjorde.
Laurdag Start kl. 10:00 frå Mjølstadneset.
Søndag Start kl. 10:00 frå Mjølstadneset. Du rekk gudstenesta om du er ute i god tid.
Etter spelet går båten attende til Mjølstadneset og Lanternen Marina.
Parkering på Lanternen Marina og kaia finn ein før den store Herøybrua på veg mot Fosnavåg. Fylgj skiltinga.
Parkering på Mjølstadneset og kaia finn ein på veg vidare mot Fosnavåg. Fylgj skiltinga.
Parkering og transport er godt skilta, og der er parkeringvakter og kaivakter!
Rørslehemma
Dei som ev. kan køyre til øya med eigen bil, men treng assistanse for å kome seg vidare ut på spelplassen, kan kontakte transportansvarleg Otto Sandvik på 90 04 11 97 for løyve til parkering ved øya, og då ev. bli skyssa ut til spelplassen med vår bil. Om du tek kontakt nokre dagar på førehand plar det alltid ordne seg.
Der er ikkje plass til å køyre handicap-buss heilt ut til spelplassen. Men vegen ut er asfaltert, og er fin å trille på for t.d. rullestol.
Med eigen bil;
Frå Ålesundsområdet: via Fergesambandet Sulesund–Hareid, mot Fosnavåg
Frå sør: via fergesambandet Koparnes–Årvik, mot Fosnavåg
Frå Ørsta–Volda: Eiksundsambandet, mot Fosnavåg
Der er godt skilta for parkering ved Lanternen Marina som ligg rett før den store Herøybrua og ved Mjølstadneset før Fosnavåg.
Fly;
Næraste flyplass er Volda/Ørsta lufthamn Hovden, men ein kan og kome via Ålesund lufthamn Vigra og bil vidare.
Hurtigruta;
Hurtigruta stoppar ved Torvik, 10 minutt med bil frå Herøy Kystmuseum.
Ta gjerne kontakt med dagleg leiar John André Nærø, Mob: 926 69 478, dersom du lurer på noko.
Velkomen til Herøyspelet "Kongens Ring" !

