Alle som skal på Herøyspelet må følgje oppsette transportmidlar den siste biten til øya.
Fellestransport for alle
Der går skyttelbussar frå p-plassar ved Stokksund skule og Lanternen Marina (begge gratis). Der går båtar frå kaia på Eggesbønes (gratis). Andre transportmiddel lista nedanfor har eigne prisar.
Etter spelet går skyttelbussane tilbake til Lanternen og Stokksund, båtar tilbake til Eggesbønes. Desse går så lenge der er folk på garden. Rekn gjerne god tid til å sjå på folkelivet og gjere eit stopp på spelkafeen før du fer heim.
Ved særskilt transport av rørslehemma, ta kontakt med dagleg leiar på tlf. 926 69478.
Buss
Frå Ørsta Hotell Ivar Aasen til framsyninga laurdag og søndag klokka ???
Frå Runde v/Miljøsenteret søndag klokka ?????
Om bord på veg til spelet, kjøper du returbillett til den fastsette avgangen du ønskjer. ????
Turistbussar har eigne ordningar. Desse får køyre til øya for å losse, og deretter kome att og hente passasjerane etter framsyning.
Båt
Båten frå Ulsteinvik går frå hotellet til oppsette tider tur–retur. Om bord på veg til spelet, kjøper du returbillett til den fastsette avgangen du ønskjer. ????
Småbåtar kan leggje til kai ved Lanternen Marina.
Bil
Frå Ålesundsområdet: Ferje Sulesund–Hareid
Frå sør: Ferje Koparnes–Årvik.
Frå Ørsta–Volda: Eiksundsambandet
For vidare køyring er det berre å følge riksveg 654 i retning Fosnavåg.
Der er godt skilta for parkering ved Stokksund skule som ligg like etter Tjørvåg – og ved Lanternen Marina som ligg rett før den store Herøybrua. Parkering er gratis.
Fly
Dei nærmaste flyplassane er Volda og Ørsta lufthamn (Widerøe) og Ålesund lufthamn (SAS og Norwegian).