Herøy Amfi er bygd spesielt for Herøyspelet og på dugnad av folka i spelet.
 
Tribunene, laga av halvskóre tømmer, gjev sitjeplassar til omlag 1000 personar.
 
Amfiet har fleire faste installasjonar, d.v.s. hus som er oppført i "vikingstil". Dei er bygd etter teikningar av arkitekt Roald Sporstøl og scenograf Even Børsum.

Husa ramar inne amfiet på ein måte som gjer at publikum får kjensla av å sitje midt inne i vikinglandsbyen frå 1027. Samstundes har husa viktige, praktiske funksjonar under spelet.

Til spelet i 2001 vart det bygd to nye hus; eit hovdinghus og eit longhus. Dei andre husa er også bygd slik at dei passar inn i tidskoloritten.


Rullestolbrukarar skal kunne kome seg vel fram på vegen frå Herøy Kystmuseum til amfiet. I samband med spelet er det sett opp tilbod om særskilt transport for rørslehemma. Ta kontakt med Otto Sandvik 900 41 197 for meir informasjon.

Teleslynge er installert i midtre del av amfiet. Dette gjev gode lydforhold for heile publikum.
 
 
Utleige.
Longhuset og sanitærbygget som er ute på spelplassen kan leigast gjennom store delar av året.  Longhuset har sitjeplass til ca. 30 personar,   Wc og kjøkken finn ein i i nabohuset.  Kontakt dagleg leiar eller Herøy Kystmuseum om leige.
 
 
 
 
 

 
Hovedfoto: Per Eide

(klikk på biletet)