Den nye regissøren av Kongens ring lovar mer drama, meir action og det er berre å feste setebelta og gjere seg klar for ei totalfornying av spelet.

Etter over hundre forestillingar blir det no full utskifting og opprøsking av forteljinga om hovdingdottera Unn, dei to mennene som beilar til henne, Heilag Olav og resten av dei om lag 200 aktørane på utescena ved Stadhavet.

Jeff Pedersen er ny regissør av Herøyspelet Kongens Ring. Han tek over etter Gerald Pettersen som har vore med på spelet sidan før første forestilling i 1992. Pedersen er svigerson til manusforfattar Rolf Losnegård, og saman har dei to gått inn i ur-manuset for å hente ut det beste av forteljinga.

  • Vi har gjort store endringar for å skape meir driv i spelet. Vi har skifta rekkefølge på nokre scener, teke vekk noko tekst, det blir meir drama, meir action og meir spenning.

Ny barnescene
Pedersen fortel at Unn blir sterkare og må kjempe meir for å få det som ho vil. Og med meir jambyrdige beilarar enn før kjem ho også til å vere meir i tvil om kven ho skal velje.

  • Og så har Rolf Losnegård skrive ei ny scene til barna og vi skal bruke barna i spelet meir.

Jeff Pedersen har planane klar og veit kva han har lyst til å få til, men seier det blir ei stor utfordring å ta over.

  • Men eg gler meg også til å møte så mange nye folk og spennande utfordringar. Og eg trur det vil bli eit heilt nytt spel. Eg kan nesten garantere at det blir heilt annleis. Det skal ikkje verte eit einaste bortkasta sekund. Kvart sekund skal kjennast livsviktig, og det blir som ei berg-og-dalbane fram til slutten.

Daidalos og Snøfall-reservemor
Jeff Pedersen er opprinneleg frå USA, men er no busett i Stongfjorden i Sogn og Fjordane. Pedersen er skodespelar og regissør, og Kongens Ring er ikkje det første utandørsspelet han pregar. Han har vore regissør både for Kinnaspelet, Håkonarspelet og Dragseidspelet.  I tillegg til regissør er han også utdanna sverdkamp-instruktør. Det kjem til å vise igjen i Herøyspelet. Også gjennom valet av hovudroller.

Barne-TV og sverdkamp
Jeff Pedersen møtte Jeppe Beck Laursen på scenekamp-utdanninga. Og Beck Laursen kjem no frå vikingrolle i BBC- og Netflix-serien «The Last Kingdom», for å vere med i vikingmusikalen Kongens Ring. Dei yngste kjenner han sikkert best som Daidalos frå Labyrint på NRK Super. Kjersti Elvik er eit anna kjent namn frå norsk teater, men som mange også har sett på Barne-TV som den strenge reservemora til Selma i «Snøfall».

Saman med desse og nye hovudrolleinnehavarar på rekke og rad stiller 200 amatørar og frivillige på scena som skodespelarar, i koret og det sytten mann store orkesteret.

Utanom sjølve spelet om hovdingdottera Unn, kjærleik, drama og sjalusi, kongebesøk av Olav den Heilage, trollskap og ny tru, så vert det også vikingleir med aktivitetar for heile familien, hagefest og søndagsopplegg med morgonsong, pilegrimsferd i robåt og gudsteneste på føremiddag og kulturvandring på ettermiddag.