Regjeringa forbyr arrangement med over 500 deltakarar fram til 1. september. Det betyr at det einaste historiske spelet på Nordvestlandet som skulle arrangerast denne sommaren må avlysast.

Styreleiar Linn Therese Sævik seier det er trist og vemodig.

  • “Kongens Ring” har vore arrangert kvart år sidan 1992. Det har vorte ein kulturinstitusjon og for mange, både deltakarar og publikum, er dette eit av sommaren sine høgdepunkt. No må vi berre innsjå at det vert ein annleis og fattigare sommar.

Trist med sommar utan spel
Sævik legg likevel til at ho har stor forståing for avgjerda frå Regjeringa.

  • “Kongens Ring” er eit stort løft bygd på tusenvis av dugnadstimar. No skal vi vere med på den nasjonale dugnaden som trengs for å hindre koronasmitte.

Styret i Herøyspelet «Kongens Ring» har hatt eit lite håp om spel også denne sommaren og gjort nokre førebuingar, men samtidig har ein sett situasjonen an og venta på kva reglane for større arrangement til sommaren.

  • Sjølv om det er trist å innsjå at vi går ein sommar utan spel i vente, så er det greitt både for deltakarar og publikum å få ei avklaring.

Klare for jubileum
Styret i Herøyspelet hadde allereie begynt å sjå fram mot neste år som blir spelet sin 30. sesong og dermed jubileums-sesong. Det arbeidet skal halde fram. Linn Therese Sævik seier det blir tomt med ein sommar utan spel.

  • Men eg håper at det ut frå ein spel-fri sommar kan vekse fram eit sakn og lengt etter spelet til neste sommar. Vi er iallfall klare til å halde fram med å gi publikum verdas vakraste vikingmusikal.