Styret i Herøyspelet og leiarane av komiteane med frivillige har hatt møte med smittevernlege i Herøy Bjørn Martin Aasen. Etter gjennomgang av spelhelga opp mot gjeldande forskrifter og råd og forventa utvikling framover, så enda styret opp med avgjerda om å utsette spelet til neste år.

Styreleiar Linn Therese Sævik seier det var med tungt hjarte, men at styret og dei frivillige likevel ikkje såg anna råd.

-Vi vil ikkje gi publikum eit bleikt og avmagra korona-spel. Herøyspelet har vore og skal vere eit kvalitetsspel der vi gir folk verdifulle opplevingar og verdi for pengane.

Den gode totalopplevinga
I møte med krav og råd som ville gjelde både regi og dei på scena i tillegg til praktisk avvikling av transport og matsal, så kom styret til at det ikkje ville vere muleg å gi publikum den gode totalopplevinga som spelet skal vere.

Vi er mange som sakna spelet i fjor og vi hadde lenge håp om at vi skulle kunne gjennomføre spelet i år slik at vi kunne oppleve sjølve spelet igjen, høyre musikken og sjå alle glade ansikta i amfiet, på tunet og i vikingleiren. Og sjølvsagt hadde vi håpt at vi som er med på det skulle få oppleve samhaldet og spelgleda nok ein sommar.
Jubileum i 2022

30-årsjubileum
Slik vart det ikkje. I staden seier Linn Therese Sævik at dei skal sjå framover mot 2022 og 30-årsjubileet til spelet.

Vi gler oss til jubileum og er klare til å lage ei ekstra god spelhelga – også fordi vi i 2022 skal ha ei ekstra feiring berre fordi vi skal få lov til å ha spel igjen.

Fantastisk område
Herøyspelet har hatt framsyningar første helga i juli kvart einaste år frå 1992 og fram til koronapandemien stengte landet og kulturlivet i 2020. Linn Therese Sævik seier det har gitt spelet solid erfaring som arrangørar og eit stort og godt apparat av frivillige. Ho er difor ikkje redd for at det skal bli vanskeleg å få spelet i gang igjen om eit år.

Og kven veit? Kanskje vi har ei lita markering av spelhelga i Herøy amfi om pandemien gir oss lov? Det var ikkje mange minutta etter vi bestemte oss for at vi måtte utsette årets spel før nokre av dei frivillige var i gang med å tenke på korleis dei kunne gjere det beste ut av dette og bruke det fantastiske området til ei anna kulturoppleving.