Herøyspelet, Sunnmørsbadet og Thon Hotel Fosnavåg har gått saman om ein pakke for inntil to vaksne og to barn som gjer at ein kan få ei miniferie i løpet av berre eit døgn.
For 2990 kroner får ein oppleve Herøyspelet “Kongens Ring” med forestilling og vikingleikar i tunet på Herøy kystmuseum, gratis transport med buss eller båt og utekafe i det idylliske tunet på Herøy. Du får besøke Sunnmørsbadet med 6400 kvadratmeter badeglede; straumkanal og bølgebasseng, lange siler, varmebasseng, barnebasseng og konkurransebasseng med stupetårn i tillegg til velvere med badstu, steambad og boblebasseng både inne og ute. I pakken høyrer også ei god natts somn og herleg hotellfrokost på Thon Hotel Fosnavåg.
Du kan bestille pakken på fosnavag@olavthon.no eller telefon 700 81 000
Og har du lyst til å ha fleire opplevelsar i regionen, så kan du sjekke ut www.opplevhavlandet.no som fortel om aktivitetar og fjellturar, shopping og kafear osv.