Etter to års koronapause er Herøyspelet «Kongens Ring» tilbake – og det med jubileumssesong. Det er 30 års sidan spelet vart sett opp for første gong.

Regissør Jeff Pedersen nådde ein sesong før det vart bråbrems og stopp i to år. No er han tilbake og klar for nytt spel.

  • Ja, no gler eg meg til å kome tilbake. Eg har venta i fleire år!

Pedersen seier det eine året han fekk vere med så vart han overraska over kor bra den var spelplassen, amfiet og den praktiske tilrettelegginga.

  • Det har vore tenke mange gode tankar, for å få til dette. Og så fekk eg møte mykje gode folk som trass mykje regn og vanskeleg ver heldt ut og var like blide.

Meir plass til Ingolf, festarmannen

Jeff Pedersen er klar til å gjere spelet endå tettare og tydelegare og skal mellom anna løfte meir fram Ingolf, festarmannen til hovdingdottera Unn.

  • Vi må rett og slett gjere Ingolf til ein meir tiltrekkande kandidat.

Han som skal yppe seg mot Møre-Karl og kjempe om Unn sin gunst er ny i Herøyspelet. Det er ørstingen Kim Helge Strømmen. Og han er meir enn klar.

  • Ja, dette har eg hatt lyst til i mange år. Det var til og med eg som tok kontakt med Jeff Pedersen, for å høyre om der var ein sjanse.

Kim Helge Strømmen fortel om ungdomsskuletid med rocke-bandet «Grønske» på Kaihuset som igjen sende han til musikklinja på vidaregåande skule i Volda. Og der vart teaterdraumen tent. Han har teaterutdanning frå Guildford School of Acting i England, og har turnert med «Singin’ in the rain» både der og i Japan før han no mellom anna har spelt i «Hair» og «Så som i himmelen» på Oslo Nye Teater.

  • Og no skal eg gi Møre-Karl ei tøff utfordring. Eg gler meg.

Spel-og vikingerfaring

I tillegg til ny Ingolf vert det også ny skodespelar i rolla som Ragnar Herøyhovding. Det er Roger Hilleren som er sett både i Netflix-serien «Vikingene» og «Wisting». Han har dessutan spel-erfaring frå Dragseidspelet.

Ørsting nummer to på scena er Eirik Risholm Velle som kong Olav Haraldsson. Elles kan vi glede oss til gjensyn med Maja Aspås Teialeret som Unn. Sidan forrige oppsetning har ho  sjølv dukka inn i spel-tradisjonen med å vere initiativtakar og vere med å skrive spel for heimplassen Orkdal basert på historie frå andre verdskrig.  Kjersti Elvik kjem tilbake som  Inga, Alexander Bøe som Møre-Karl og Kornelia Melsæter som forteljar.

Idun Losnegård skal spele Kjerring Bråte medan partnaren hennar, Fe den synske, vert spelt av Jeppe Beck Laursen, også kjent som Daidalos frå NRK Super og frå roller i  Ragnarok, Beforeigners og ikkje minst The Last Kingdom som er aktuell med femte og siste sesong no i vår på Netflix.