• Ingolf må rett og slett verte ein meir tiltrekkande kandidat, seier regissør av Herøyspelet, Jeff Pedersen.
  • Han kan ikkje vere berre ein mora til Unn liker. Slik det har vore til no så har det ikkje vore veldig overraskande at Unn vel Møre-Karl, men no skal vi gjere valet endå meir vanskeleg for henne. Og slik får vi også utvikla stykket og gi folk nye opplevingar.

Meir jambyrdig med Møre-Karl

Manusforfattar Rolf Losnegård seier han også har tenkt at Ingolf burde få sin song og gjerast til ein meir spennande figur, så han var lettbedd då han fekk spørsmål om å skrive teksta til ein ny song.

  • Ja, vi måtte gjere Ingolf til ein meir jambyrdig rival til Møre-Karl og bygge opp Ingolf til ein sterkare og meir sympatisk utfordrar.

Musikar Øyvind Granden Berg som har dirigert orkester og kor i vikingmusikalen «Kongens Ring» i fleire år tok utfordringa med å komponere og orkestrere songen.

  • Det blir ein storslått song der vi viser Ingolf Ynda i all si tyngde og med full støtte frå Herøyfolket. Denne Ingolfen er villeg til å gjere kva som helst for Unn.

Granden Berg seier han kjende på ærefrykt då han tok oppdraget.

  • Musikken i spelet er laga av Svein Møller som er legendarisk, og då spelet for ein del år sidan utvida med ein ny song, så vart den komponert av Henning Sommerro, så det er store sko å fylle. Men no berre gler eg meg stort til å få spele den for publikum.

Fanfare for ein solid Ingolf

Dirigenten for Herøyspelet, og no også komponisten, fortel songen startar som ein fanfare, roar seg ned og bølgar fram og tilbake.

  • Vi skal vise ein meir staut og solid Ingolf, og eg håper folk tek godt i mot både songen og Ingolf og eg håper også publikum vil synest at songen passar inn i resten av musikk og tonespråket til Svein Møller slik at det blir ei god fornying av spelet.

Herøyspelet «Kongens Ring» vert vist første helga i juli med to forestillingar laurdag og to søndag. I tillegg til spelet er det hagefest i tunet på Herøy Gard laurdagskvelden og utegudsteneste på Herøy gamle kyrkjestad søndag. Det er også utekafe på gardstunet gjennom begge speldagane og vikingleir med aktivitetar for barna som skyting med pil og boge, slåstar-stokk, bondesjakk og mykje meir.

Det er i år 30 år sidan «Kongens Ring» vart sett opp aller første gong, og under spelhelga i år vil publikum få merke på ulikt vis at det er jubileumssesong.