Ein annan skodespelar var alt godt i gang med øvingane som Inga, men sjukdom i familien gjorde at ho onsdag føremiddag sprang av garde og køyrde heimover.

  • Vi har full forståing for det som skjedde og det var rett prioritering av ho som reiste, men vi må innrømme at vi sto litt rådlause eit sekund eller to, fortel styreleiar Linn Therese Sævik.

Men hjelpa var ikkje langt unna. Mange opplevde Hedvig Garshol og Gerald Pettersen på kulturkvelden i Fosnavåg Konserthus søndag, og paret var no i Nordfjord. Hedvig har spelt Inga fleire år tidlegare, og då telefonen frå Herøyspelet kom, så forsto ho kjapt kva det gjaldt.

  • Og heldigvis sa ho ja, seier Sævik. Hedvig heiv seg i bilen og øvde på rolla den tida det tek å køyre frå Nordfjord. Like etter øvinga starta onsdagskvelden var ho på plass, og vi er letta og takknemlege. Det er nesten utruleg, men her fekk massiv erfaring med akkurat denne rolla levert på berre tre timar.

Gamle kunstar

Hedvig Garshol fortel at det første som gjekk gjennom hovudet då ho fekk telefonen, var at ho håper det går bra med den som er sjuk og sender gode tankar vidare.

  • Og utover det er det berre og hoppe i det og håpe at gamle kunstar fortsatt sit.

Forrige veke var det han som skulle spele Fe den synske som måtte reise heim på grunn av sjukdom i familien. Då steppa Kristoffer Sagmo Aalberg inn og fekk manus i handa ein time etter første øving.

  • Då brukte vi ordet superreserve om Kristoffer. Det spørst om ikkje vi må gi den tittelen vidare til Hedvig no, ler Linn Therese Sævik.

Jubileumssesong

No håper ho uflaksen er oppbrukt og gler seg til jubileumssesong av Herøyspelet Kongens Ring.

  • Vi gler oss til spel og blant anna la folk få oppleve den nye Ingolf-songen der ørstingen Kim Helge Strømmen verkeleg får vist fram ein ny og tøffare Ingolf.

Det blir også avduking av ei 30-årsoverrasking før premieren laurdag.

Både laurdag og søndag er det vikingleir med aktivitetar for heile familien. Du får skyte med pil og boge, du kan svinge sverdet og prøve brynje, entre slåstarstokken eller prøve ting som bondesjakk eller stylter. Det er også utekafe i det idylliske 1800-talstunet på Herøy gard.

Laurdag kveld er det «Kongens hagefest» i bakhagen på garden; ein vennefest for alle som vil, med gourmetgrill og levande musikk.

Søndag kan du starte tidleg med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje før mini-pilegrimsferd der du ror med færing til utegudsteneste på den gamle kyrkjetomta der det var kyrkje så tidleg som på 1100-talet. Søndag kan du også få med kulturvandring gjennom den meir enn tusen år lange historia til øya Herøy.