Det er tid for Herøyspelet Kongens Ring, og i år er med to ørstingar i hovudrollene. Begge er profesjonelle skodespelarar, kvar på sin plass, men møtast på scena ved Stadhavet i sommar.

Eirik Risholm Velle har vore med på spelet før og spelar Heilag-Olav for tredje gong. Ein varm sommarkveld med utsikt over storhavet kan han ikkje vere meir fornøgd med riket sitt.

  • Det her heilt fantastisk å vere tilbake på spelplassen og i spelet, og det er så kjekt å oppleve at spelet er i gang igjen etter koronapausen.

Eirik seier Herøyspelet har vorte eit høgdepunkt for han om sommaren og han berre gler seg til å bli konge i Herøy.

  • Kva grur du deg til?
  • Den dagen eg får vite at eg ikkje får vere konge meir!

Han fortel at han prøver å finne sin versjon av heilag-kongen midt i dei mange forteljingane som spenner frå det heilage og opphøgde til det Eirik kallar ein småfeit, rape gal konge.

  • Men det er gøy å vere konge og la alle rundt meg spele meg til konge. Det er dei som skaper kongen. Og så legg eg av kongefaktene på veg heim gjennom Eiksundtunnelen. Der ventar ein eitt-åring, og der er det han som bestemmer.

Tøff utfordring – fabelaktig scene

Medan Eirik har fleire sesongar bak seg, er Kim Helge Strømmen fersk i rolla som festarmannen, forloveden til Unn. Han hadde høyrt mykje bra om Herøyspelet, mellom anna frå Eirik, og tok sjølv kontakt med regissør Jeff Pedersen, for å høyre om det var plass til han. No skal han gi vikingrebellen Møre-Karl kamp om dottera til Herøyhovdingen.

  • Ja, eg skal gi han ei tøff utfordring og eg gler meg!

Kim Helge er berre midt i øveveka med endå nokre dagar igjen til premieren på laurdag, men han er overbevist om at dette blir bra.

  • Det er rett og slett betre enn eg trudde. Dette blir fabelaktig. Og for eit bakteppe som denne scena har, ja, vis meg den plassen som har betre bakteppe, så skal eg spele der, ler han.

Saman med desse to er det ei rekkje andre profesjonelle skodespelarar og til saman er det rundt 150 aktørar på scene. Mellom dei eit stort kor og orkester med sytten musikarar som syter for musikken til vikingmusikalen.

Styreleiar Linn Therese Sævik seier ho både gler seg og er spent på spelhelga.

  • Det blir veldig stas å få skape spelmagi igjen etter to års koronapause. Vi håper folk er klare og vi inviterer både til spelet og vikingmusikalen, men også til aktivitetar og opplegg for liten og stor slik at besøket på Herøy blir ei totaloppleving.

Program for heile helga

Både laurdag og søndag er det vikingleir med aktivitetar for heile familien. Du får skyte med pil og boge, du kan svinge sverdet og prøve brynje, entre slåstarstokken eller prøve ting som bondesjakk eller stylter. Det er også utekafe i det idylliske 1800-talstunet på Herøy gard.

Laurdag kveld er det «Kongens hagefest» i bakhagen på garden; ein vennefest for alle som vil, med gourmetgrill og levande musikk.

Søndag kan du starte tidleg med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje før mini-pilegrimsferd der du ror med færing til utegudsteneste på den gamle kyrkjetomta der det var kyrkje så tidleg som på 1100-talet. Søndag kan du også få med kulturvandring gjennom den meir enn tusen år lange historia til øya Herøy.