• Men det passa heilt fint, det, altså, seier han. Største problemet i det plutselege finveret var at han var budd på sunnmørsk sommar og hadde klar både regnkle og ullkle, men ikkje shorts.

Han som opprinneleg skulle spele Fe den synske måtte avlyse på grunn av sjukdom i familien. Og då passa det fint at spel-vande Kristoffer Sagmo Aalberg var lettbedd og klar for ei utfordring.

  • Eg har vore med på mange spel, men hadde eigentleg bestemt meg for at i sommar skulle eg ha heilt fri og hadde sagt nei til fire, fem forespørslar. Dermed visste kollega frå Den Nationale Scene, Kjersti Elvik, som er med i spelet som Inga,at eg hadde fri og kunne spørjast. Og så vart det spel på meg i sommar likevel.

Spelabstinens

Kristoffer Sagmo Aalberg har jobba på Den Nationale Scene i Bergen saman med både tidlegare regissør i Herøyspelet, Gerald Pettersen og mange skodespelarar som har vore med i «Kongens Ring». Spelet er dermed ikkje heilt ukjent for Aalberg.

  • Eg har høyrt at Fe er ein tulling så det skal eg nok få til, ler han.
  • Det er vel slikt som ligg latent for oss nord-trønderar…

Tidlegare har Kristoffer Sagmo Aalberg vore med i ei rekkje spel frå Lady Arbuthnott til Slaget på Testiklestad, Den siste viking og fleire til.

  • Og eg kjende vel på spelabstinensen

Vikingmusikal og vikingaktivitetar

Og det var det fleire som hadde kjent på. Då første øvingane starta i helga var det store smil og «alt for lenge sidan sist» å høyre over heile spelplassen. Regissør Jeff Pedersen sette i gang med oppvarmingsøvingar og lurte på om folk var klar? «Ja!» var det rungande svaret følgd av applaus.

Spelgjengen skal øve gjennom veka fram til premiere og forestillingar 2. og 3. juli. Då kan Herøyspelet feire 30 års-jubileum.

Styreleiar Linn Therese Sævik seier ho gler seg og er spent på både spelveke og spelhelga.

  • Det blir veldig stas å få skape spelmagi igjen etter to års koronapause. Vi håper folk er klare og vi inviterer både til spelet og vikingmusikalen, men også til aktivitetar og opplegg for liten og stor slik at besøket på Herøy blir ei totaloppleving.

Program for heile helga

Både laurdag og søndag er det vikingleir med aktivitetar for heile familien. Du får skyte med pil og boge, du kan svinge sverdet og prøve brynje, entre slåstarstokken eller prøve ting som bondesjakk eller stylter. Det er også utekafe i det idylliske 1800-talstunet på Herøy gard.

Laurdag kveld er det «Kongens hagefest» i bakhagen på garden; ein vennefest for alle som vil, med gourmetgrill og levande musikk.

Søndag kan du starte tidleg med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje før mini-pilegrimsferd der du ror med færing til utegudsteneste på den gamle kyrkjetomta der det var kyrkje så tidleg som på 1100-talet. Søndag kan du også få med kulturvandring gjennom den meir enn tusen år lange historia til øya Herøy.