HOVUDROLLER

 

 

Bli kjent med Unn, Karl og Ingolv, Inga og Ragnar og dei andre rollene i Kongens Ring.

Her finn du også meir om kven som spelar rollene.

 

Unn den fagre

Unn er hovdingdotter, ung og fager. Det einaste barnet til hovdingen og framtida til herøyfolket.

I 2023 vert Unn spelt av Maja Aspås Teialeret.

Ragnar Herøyhovding

Ragnar er hovding i Herøy, men alderen gjer at han ikkje har den same styrken som før. Det gir rom for andre til å prøve og ta føringa.

Herøyhovding i 2023 vert spelt av Roger Hilleren.

Inga, kona hans

Inga er sterk og steil og innfrir vikingtida sine krav til ei god husfrue om å egge til hemn for å oppretthalde makt og balanse i samfunnet. Men kor langt er ho villeg til å gå når det gjeld hennar eige kjøt og blod?

I 2023 vert Inga spelt av Kjersti Elvik.

Ingolv Ynda

Ein respektert ung mann frå herøyfolket. Utpeikt til å bli mannen til Unn og dermed den neste herøyhovdingen. Men vil Unn ha han?

Kim Helge Strømmen skal vere Ingolv Ynda i 2023.

Møre Karl

Røvar og rebell som herjar rundt på Møre saman med ein stor flokk av opprørsk ungdom. Han er også ein sjarmør som vinn hjartet til Unn.

Eirik Risholm Velle spelar Møre-Karl i 2023.

Battolf Gormsson

Møre Karl si høgre hand og næraste kampfelle. 

I 2023 vert Battolf spelt av Elias Warholm.

.

Kong Olav Haraldsson

Olav Haraldsson, seinare kjent som Olav den Heilage, var konge i Norge frå 1015-1028. Snorre fortel at han var på Herøy i 1027. Olav den Heilage spelte ei grunnleggande rolle i kristninga av Norge. Det er også ein viktig del av rolla hans i “Kongens Ring”. Han vil ha slutt på hemn og drap og kjem med ny tru og nye skikkar til herøyfolket.

Henrik Hjorthaug Halle spelar kongen for første gong  i 2023.

Bjørn Stallar

Bjørn Stallar var lenge Olav Haraldsson sin næraste rådgivar. “Stallar” betyr stallmeister, men Bjørn Stallar vart leiar for kongens hird og ført ofte ordet for kongen på tinget. Bjørn Stallar kjempa i lag med kong Olav og døydde også i slaget på Stiklestad 29. juli 1030.

Morten Gusdal vert Bjørn Stallar i 2023.

Bisp Grimkjell

Grimkjell var den fremste av kong Olav Haraldsson sine hirdbiskopar og verka i Norga frå 1015 til 1030-åra. Innsatsen hans som grunnleggar av kyrkja er framheva i dei gamalnorske lovene. Han skal også ha vore viktig i arbeidet med å gjere Olav til Heilag Olav. Bisp Grimkjell og Bjørn Stallar er personleggjeringa av kongen sin indre kamp og strid mellom kyrkjeleg makt og verdsleg makt.

Joakim Eiksund fyller bisperolla i 2023.

 

Edmund Munk

I biskopen sin stab av munkar og den som blir sett til å gjere slikt biskopen ikkje vil – eller tør – gjere sjølv.

Sæmund Helde er Edmund Munk i 2023.

Kjerring Bråte

Kjerring Bråte utfordrar kongen med kongeringen, magi og trollkrefter. Det er ikkje lett verken for kongen eller publikum å vite kva ein skal tru om kvar ho hentar synene og kreftene sine i frå.

Tormod Løvold er trollkjerringa i 2023.

Fe den synske

Fe er mannen til Kjerring Bråte. Han vert styrt med hard hand og saman med kjerringa si bringer dei både humor og eit snev av uhygge inn i spelet.

Kristoffer Sagmo Aalberg spelar Fe i 2023.

 

Forteljar

Forteljaren bitt saman fortid og notid i spelet. Og kanskje kan det minne oss på at sjølv om det vi får sjå på scena hende i Herøys gamle tid, så står dei saman kampane om kjærleik, om godt og vondt og om kva som er den sterkaste makt i verda også i menneska i dag?

Silje Oksholen Gjelseth er forteljar i 2023.

MUSIKKEN

Herøyspelet “Kongens Ring” er ein vikingmusikal med stort kor og orkester med sytten musikarar i symfonisk brass-besetning. Musikken er spesialskriven og utgjer ein stor del av spelet. Mange seier at musikken spelar ei av hovudrollene.

Dirigent i 2023 er Øyvind Granden Berg.