VIKINGMUSIKALEN HERØYSPELET

Kjærleik og drama, hemn og håp.

HERØYSPELET

Opplev spelmagi ved Stadhavet

HERØYSPELET

Vikingmusikalen “Kongens Ring”
gir deg kjærleik og drama, hemn og håp.

Historisk utespel der 200 aktørar skaper spelmagi på den store naturscena mot Stadhavet.

Neste spel vert 3.- 4. juli 2021. Velkomne skal de vere!

 

AKTIVITETAR

VIKINGLEIR

HAGEFEST

UTEGUDSTENESTE

KULTURVANDRING

PRAKTISK

inkludert båt- eller buss:

  • Barn under 7 år: Gratis
  • Barn 7-16 år: 200 kr
  • Vaksne: 400 kr

Vil du sjå spelet fleire gongar same helga? Kjøp Herøyspel-pass.
Barn: 300 kr. Vaksne: 500 kr.

Grupper på ti personar eller fleire kan ta kontakt med
styreleiar Linn Therese Sævik på tlf 979 83 305

GRATIS TRANSPORT


Bussane går kontinuerleg heile dagen frå området ved Stokksund skule (Grøndalsvegen 2) og Indre Herøy kyrkje. Det er godt synleg når du kjem køyrande langs fylkesveg 654 frå Tjørvåg. Der er godt med parkeringsplass og parkeringsvakter som hjelper deg både med parkering og informasjon om bussane.

Båten går kontinuerleg heile dagen frå Mjølstadneset. Også her er det godt skilta og godt med parkeringsplass. Vakter er på plass og gir ei hand om bord i båten. Der er landgang og flytebrygge med trapp.

VER OG VIND

MAT

Herøyspelet er meir enn spel. Utvid oppleving med god mat og god prat i tunet på Herøy gard. Der får kjøpt både middagsmat og kaffimat i samband med spelet. Vi byr på rømmegraut og fiskekakeburger, pølser og mår med brød. I tillegg sel vi vaflar, sveler og is, kaffi, brus og vatn.

UNIVERSELL UTFORMING

Det er brei og asfaltert sti fram til spelplassen som kan brukast både av folk med rullestol og dei som trillar barnevogn. Ved spelplassen er det oppstillingsplass for rullestolar. Det kan også avtalast skyss med bil fram til spelplassen for dei som er skrale til beins. Det er teleslynge i delar av amfiet. Amfiet er i ei graskledd skråning med halve tømmerstokkar som benkar. Desse har ikkje ryggstø. Har du vanskeleg for å fote deg, kan du få gå på flatt underlag fram til dei nedste benkane.

TOALETT

VIL DU VÆRE MED?

Vil du være med i Herøyspelet 2021?
Påmeldingsskjema kjem på denne sida seinare.

SISTE NYTT

No Results Found

The page you requested could not be found. Try refining your search, or use the navigation above to locate the post.

Kongens ring i sosiale media

HANDLINGA

 

 

 

Kamp, kjærleik og kongemakt

Den unge hovdingdottera Unn er lovd vekk til Ingolf. Familien og forventningar frå Herøyfolket har peika ut han som festarmann, men hjartet til Unn vil ha Møre-Karl, opprøraren og rebellen som herjar saman med flokken sin.

Unn rømer saman med Møre-Karl, men kjem tilbake til heimplassen på røvartokt. Her barkar Møre-Karl og Ingolf saman i kamp, i holmgang.

 

Olav den Heilage
Då kjem kongen, Olav den Heilage, med sine menn. Kongen har lenge jakta på Møre-Karl, og kan kongen no endeleg få sett ein stoppar for herjingane samtidig som han kan få herøyfolket til å tru på Kristus? Kongen spelar høgt og vil løyse desse to problema ved hjelp av eit tredje; innkrevjing av skatt på Færøyane. No kjem trollkvinna og mannen hennar inn handlinga. Dei har med seg ein gullring, kongens ring.

Møre-Karl reiser til Færøyane. Kva skjer med han der? Kva skjer med Unn og herøyfolket? Og har heilag-kongen tru og kraft til å ta ringen frå trollkvinna?

Spelet spør om “Kva er den sterke makt i verda?” og svarer med håpet og oppmodinga om at “dei hjarto milde” skal sigre.

 

Spel sidan 1992
Herøyspelet “Kongens Ring” har vore framført kvart år sidan 1992. Manus er skrive av Rolf Losnegård som har spunne historia rundt det Snorre skriv om då Olav den Heilage kom til Herøy i 1027.  Musikken er komponert av Svein Møller. Henning Sommerro har skrive songen til Inga.

VARM TAKK TIL VÅRE GODE STØTTESPELARAR

HOVUDSTØTTESPELARAR:

B SPONSORAR:

C SPONSORAR: