AKTIVITETAR & PRAKTISK

 

 

 

AKTIVITETAR

VIKINGLEIR

HAGEFEST

UTEGUDSTENESTE

KULTURELL VANDRING

PRAKTISK

BILLETTAR

Prisar inkludert båt- eller buss: Barn under 7 år: Gratis
Barn 7-16 år: 200 kroner
Vaksne: 400 kroner

Vil du sjå spelet fleire gongar? Herøyspel-pass barn: 300 kroner. Herøyspel-pass vaksne: 500 kroner.

Grupper på ti personar eller fleire kan ta kontakt med styreleiar Linn Therese Sævik på tlf 979 83 305

GRATIS TRANSPORT

Bussane går kontinuerleg heile dagen området ved Stokksund skule (Grøndalsvegen 2) og Indre Herøy kyrkje. Det er godt synleg når du kjem køyrande langs fylkesveg 654 frå Tjørvåg og før Herøybrua. Der er godt med parkeringsplass og parkeringsvakter som hjelper deg både med parkering og informasjon om bussane.

MAT

Herøyspelet er meir enn spel. Utvid oppleving med god mat og god prat i tunet på Herøy gard. Der får kjøpt både middagsmat og kaffimat i samband med spelet. Vi byr på rømmegraut og fiskekakeburger, pølser og mår med brød. I tillegg sel vi vaflar, sveler og is, kaffi, brus og vatn.

VER OG VIND

UNIVERSELL UTFORMING

Det er brei og asfaltert sti fram til spelplassen som kan brukast både av folk med rullestol og dei som trillar barnevogn. Ved spelplassen er det oppstillingsplass for rullestolar. Det kan også avtalast skyss med bil fram til spelplassen for dei som er skrale til beins. Det er teleslyng i delar av amfiet. Amfiet er i ei graskledd skråning med halve tømmerstokkar som benkar. Desse har ikkje ryggstø. Har du vanskeleg for å fote deg, kan du få gå på flatt underlag fram til dei nedste benkane.

TOALETT