No skal Unn verkeleg stå i spagat mellom viking-rebellen Møre-Karl og festarmannen Ingolf. Ingolf skal bli meir enn svigermors draum, og tøffar seg opp med ein ny og eigen song skriven av Rolf Losnegård og komponert av Øyvind Granden Berg.
Kva med mini-ferie for familien med spelmagi, badeglede og hotellnatt i sommar?
Ørstingen Kim Helge Strømmen blir Herøys beste ungdom og Roger Hilleren rykker opp frå tingmann i Netflix-serien «Vikingene» til herøyhovding.
Etter to års koronapause er Herøyspelet klare til både ein ny spel-sommar og feiring av 30-årsjubileet.
Pandemien stoppar spelet Kongens Ring frå å ha framsyningar også i 2021, men styret i spelet ser no fram mot 30-årsjubileum og spel neste sommar.
– Vi forstår årsaka og er glade for ei avklaring, men det er likevel trist å måtte avlyse «Kongens Ring». Det vert ein fattigare sommar, seier styreleiar i stiftinga Herøyspelet, Linn Therese Sævik.