KONGENS HAGEFEST
Laurdag kveld i spelhelga byr Herøyspelet inn til Kongens hagefest. Det blir invitert til ein festpynta bakhage i tunet på Herøy gard. Det er lys i trea, markblomster på borda og levande musikk frå scena medan den beste gourmetgrillmaten vert lagt på dei store kolgrillane.
Kongens hagefest er venefest og premierefest, det sommarens høgdepunkt og samlingspunkt. Velkomen skal du vere!

BILLETTAR
Du kan kjøpe billettar på ebillett eller på Fosnavåg konserthus si side.
Du kan også kjøpe billett på Herøy gard ved spelplassen før forestillingane. Betaling med Vipps, kort eller kontantar.
PRISAR
inkludert båt- eller buss:
- Barn under 7 år: Gratis
- Barn 7-16 år: 200 kroner
- Vaksne: 400 kroner
Med Herøyspel-pass kan du sjå spelet så mange gongar du vil i spel-helga.
- Herøyspel-pass barn: 300 kroner.
- Herøyspel-pass vaksne: 500 kroner.
Grupper på ti personar eller meir kan ta kontakt med styreleiar Linn Therese Sævik på tlf 979 83 305
PROGRAM 2022
LAURDAG 2. JULI
10.30 Oppstart skyss med båt og buss.
11.00 Herøy gard opnar med matsal og vikingleir med aktivitetar. Både matsal og vikingleir er ope heile dagen.
13.30 Premiere, første forestilling av “Kongens Ring”
17.00 Andre forestilling av “Kongens Ring”
19.00 Kongens hagefest. Utandørs gourmet-grill, levande musikk og kjekke folk i bakhagen på tunet.
Båt og buss går kontinuerleg heile dagen og litt ut på kvelden. Lenger mellom avgangane når det lid mot natt.
SØNDAG 3. JULI
0930 Morgonsong i Indre Herøy kyrkje. Pilegrimsferd til fots eller med roande i færing til Herøy.
10.00 Oppstart buss- og båtskyss.
11.00 Utegudsteneste på den snart tusen år gamle kyrkjetomta på Herøy.
12.00 Matsal og vikingleir opnar for dagen.
13.30 Søndagens første forestilling av “Kongens Ring”
13.30 Kulturhistorisk vandring gjennom over tusen år med historie på øya Herøy
17:00 Årets siste forestilling av “Kongens Ring”
Båt og buss går kontinuerleg heile dagen.