KULTURVANDRING

 

 

 

Øya Herøy har ei over tusen år lang historie. Øya var samlingsplass for vikingar og vikinghøvdingar som venta på godt og lagleg ver slik at dei kunne passere Stadhavet på veg lang kysten. Her har det vore både kyrkjeleg senter og handelssenter, og gjennom hundreåra har det vore både makt og festivitas på øya – og drama og tragediar.

Ein liten holme like ved Herøy har vore brukt som avrettingsstad og kyrkjegarden fortel mange historier. Mellom dei historia om Anna med barnet som skal ha fødd barnet sitt etter ho vart lagt i grava.

I spelhelga kan du få vere med på kulturvandring rundt på øya og bli kjent med historia til øya og nokon av dei som har budd og levd her.

BILLETTAR

Du kan kjøpe billettar på ebillett eller på Fosnavåg konserthus si side.

Du kan også kjøpe billett på Herøy gard ved spelplassen før forestillingane. Betaling med Vipps, kort eller kontantar.

PRISAR
inkludert båt- eller buss:

  • Barn under 7 år: Gratis
  • Barn 7-16 år: 200 kroner
  • Vaksne: 400 kroner

Med Herøyspel-pass kan du sjå spelet så mange gongar du vil i spel-helga.

  • Herøyspel-pass barn: 300 kroner.
  • Herøyspel-pass vaksne: 500 kroner.

Grupper på ti personar eller meir kan ta kontakt med styreleiar Linn Therese Sævik på tlf 979 83 305

PROGRAM 2021

LAURDAG

10.30 Oppstart skyss med båt og buss.
11.00 Herøy gard opnar med matsal og vikingleir med aktivitetar. Både matsal og vikingleir er ope heile dagen.
13.30 Premiere, første forestilling av “Kongens Ring”
17.00 Andre forestilling av “Kongens Ring”
19.00 Kongens hagefest. Utandørs gourmet-grill, levande musikk og kjekke folk i bakhagen på tunet.

Båt og buss går kontinuerleg heile dagen og litt ut på kvelden. Lenger mellom avgangane når det lid mot natt.

 

SØNDAG

0930 Morgonsong i Indre Herøy kyrkje. Pilegrimsferd til fots eller med roande i færing til Herøy.
10.00 Oppstart buss- og båtskyss.
11.00 Utegudsteneste på den snart tusen år gamle kyrkjetomta på Herøy.
12.00 Matsal og vikingleir opnar for dagen.
13.30 Søndagens første forestilling av “Kongens Ring”
13.30 Kulturhistorisk vandring gjennom over tusen år med historie på øya Herøy
17:00 Årets siste forestilling av “Kongens Ring”

Båt og buss går kontinuerleg heile dagen.

 

VIKINGLEIR

HAGEFEST

UTEGUDSTENESTE

KULTURVANDRING